Rike, utanlandske turistar oppdaga Tyssedal og Odda på slutten av 1800-talet. Dette førte til at Odda vart Norges nest største turiststad med daglege anløp av turistbåtar om sommaren og heile 11 hotell.
Kvernhusfossen i Tyssovassdraget i 1906. Foto: Kraftmuseet arkiv
Hotel Hardanger i Odda. Foto: Kraftmuseet arkiv
Det var i Odda sentrum dei fleste hotella låg, og kvar kveld kom dampbåten innover med fleire hundre turistar. Kvar dag køyrde lange rekker med hest og kjerre opp til Låtefossen og Buarbreen. Mange reiste og med motorbåt seks kilometer ut til Tyssedal. Frå fjorden hadde turistforeninga bygd rideveg opp til Skjeggedal. Derifrå gjekk det båtar på Ringedalsvatnet med turistar inn til Tyssestrengene og Ringedalsfossen.
Ringedalsfossen, eit mektig skjegg innst i Ringedalsvatnet. I dag er fossen regulert til kraftproduksjon og er sjeldan å sjå. Foto: Kraftmuseet arkiv /AST
Fossespekulantar
Fossane trakk ikkje berre til seg turistar, nokre såg det kvite kolet i vatnet. Dei såg hestekrefter, turbinar og pengar. Ingeniør N. H. Brun kjøpte opp nedre del av Tysso-vassdraget. Samtidig kjøpte Per Aga Hovland rettane for øvre del av vassdraget samt retten til å demma opp Ringedalsvatnet. I 1905 blei dei einige om å samarbeida for å selge dette som eit kraftkompleks. I det høve fekk F. Hjorth rettane til sal. Han gjekk i forhandlingar med franske interessentar som sendte ekspertar til Tyssedal for å undersøka Tysso-vassdraget. Forhandlingane kom ingen veg og i 1906 starta også forhandlingar med Sam Eyde og Wallenberg. Resultatet av desse forhandlingane var at det den 28. februar 1906 blei underteikna ein avtale der Eydekonsernet kjøpte rettane til vassdraget for 420 000 kroner.
Nils Henrik Brun og Per Aga Hovland kjøpte opp fossane og selde dei vidare med god forteneste. Bøndene var ikkje klar over verdien og solgte rettane billig. Foto: Kraftmuseet arkiv
AS Tyssefaldene vart stifta 20. april 1906 med ein aksjekapital på 700 000 kroner. Tyssefaldene satt no på rettane til alle eigedomar og nesten alt vatnet i Tyssedal. Unntaket var Ringedalsfossen som turistforeninga hadde sikra seg rettane til, men på 1920-talet vart også desse rettane selde til AS Tyssefaldene. I dag er difor så og sei alt vatnet i Tyssedal og Skjeggedal regulert til kraftproduksjon. Dei tidlegare så mektige fossefalla, som t.d. Tyssestrengene med fritt fall på 300 meter, går i dag i røyr og produserar kraft til store verdiar.