Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Taubane i Ringedal

For å frakta material til vasskraftutbygginga i Tyssedalsfjellet i byrjinga av forrige hundreåret, var hestetransport einaste moglegheit.

Det vart tidleg lagt planar for å utvida kraftutbygginga i Tyssedalsfjellet. Dei var vidløftige for den tida, og ikkje alle let seg gjennomføra. Ein tenkte på å føra vatn frå Bersåvatna nord for Topp ned til eit nytt anlegg på toppen av Tyssenuten, 400-500 meter over fordelingsbassenget på Lilletopp. Frå det nye fordelingsbassenget skulle det gå eit røyr ned til kraftstasjonen ved fjorden, med eit fall på 945 meter.

 

Desse planane vart skrinlagde då kostnadane ville verta for store, og ein fann ut at effekten ikkje ville verta så stor som først tenkt.

Likevel vart det utført ein god del arbeid inne på fjellet. Tunnelar vart slått ut mellom vatna for å senka nivåa. Til dette trengtes arbeidsfolk og tungt utstyr - og mange hestar til transporten. Det var ikkje så enkelt å få tak i nok hestar, då dei fleste var opptekne med gardsarbeid eller til jakt. Etter mykje strev, fekk Tyssefaldene tak i to hestar frå Eidfjord, ti frå Telemark, fem frå Voss og Sogn, og to dei eigde sjølv.

 

Transport av røyr til Skjeggedal i 1913 Transport av røyr til Skjeggedal i 1913. Foto: Fotograf ukjend. Kraftmuseet arkiv

 

 

For å korta ned vegen for folk og hest, bygde dei to bruer over Tyssestrengene. Dette korta inn turen på heile 22 km. Mellom Gryteskar og Nybu vart det sett opp ein stall til hestane, men likevel var det ikkje alle som tålte det tøffe vinterklimaet i fjellet. Arbeidsdagane var på 16-18 timar både for hest og mann, der begge bar kløv på ryggen. Arbeidsfolka kunne bera ei bør på 30-40 kg. Lønningane var høgare enn normalt på anlegget, men likevel vart det etterkvart vanskeleg å skaffa folk til dette arbeidet som var på grensa til kva tilogmed dei hardaste arbeidskarar kunne klara.

Arbeida stansa opp, og vart ikkje teke opp att før 12 år seinare, i 1928.

 

 

I 1928 hadde Amund Stana og broren Lars lagt fram eit forslag for Tyssefaldene om å byggja ei taubane frå innst i Ringedalen opp til Mikkelstøl (Mekjelstøl) og vidare innover til Nibbehølen og Håvardsvatnet. Amund og Lars hadde klatra i fjellet i mange år, og studert terrenget nøye. Dei fann ut at i fjellet innst i Ringedalen var tilhøva særs lagelege for ein transportheis. Ikkje alle vart like glade for forslaget, det var gode pengar å tena på utleige av hest.

 

 

Men taubaneprosjektet vart godkjend, og Amund Stana, som var tilsett på Tyssefaldene, fekk kontrakten. Han valde ut fire frivillige til å vera med på jobben. Desse var Torbjørn Torblå, Eirik Instanes, Lars Stalheim og Emil Træen. 

Vegen opp langs fjellsida var særs bratt, og på ein stad stakk det ut ein fjellnabbe som gjorde stien så smal at dei måtte gå sidelengs med andletet inn mot fjellveggen for ikkje å ramla ned. Men materialet kom opp, og den 21. mai 1928 var taubanen i full drift. Den gjekk opp fjellsida til Nibbenut før utstyret vart frakta vidare med hest og slede til Nybu. Transporten var no blitt lettare og kortare og meir effektiv. 

 

Provisorisk taubanestasjon

Provisorisk taubanestasjon til Mikkelstøl i 1928. Foto: Berthold Hagemann, Kraftmuseet arkiv

 

 

I eit brev frå 1964 skriv Amund Stana:

 

År 1928, den 26. mars var det meste av material klart for transport til Skjeggedal. Den 2. april lå alle materialer på taubanestasjonen i Skjeggedal, bare draglina manglet, den var bestilt i Sverige. Fram til den 7. april kjørtes daglig to hestelass til Ringedal. Den 15. var alle forberedelser til forestående arbeid klare. Isen på Ringedalsvatnet målte da 95 cm. Vår første stasjon ved vannet lå særs lagelig til, ca 100 m fra vannet, under en stor heller - flere m gulvflate, helt tett for regn og snø. Stasjonshuset som skulle stå på Nybbenut - Mekjelstøl - måtte transporteres nedenfra. Ringedalsvannet var langt nedtappet, en stor stein stakk opp gjennom isen et stykke fra land. På denne steinen satte vi opp en dobbel heisebane med tanke på at når vannet steg, kunne båtlasten komme innunder og hukke direkte på. Bærestrengen var nr. 20 galvanisert jerntråd, veide 200 kg per bunt. Draglina manglet fremdeles. Fordelen var at hele ruten opp var dekket av hardfrosset snø, det var bare til å hogge fotfeste. Vi hang i tau og balanserte med en gjenstridig bør på ryggen. Den 29. april kom den forsinka draglina. Den lå på dammen i Skjeggedal og måtte hentes. Isen var skral, bare 50 cm tjukk. Vi lastet alt i en robåt som var satt opp på en slede og dro innover vannet på isen. Over halvveis inn til Ringedal gikk båten med hele skrammelet gjennom isen. Vi kunne forsere isen på ski, men brukte tre hele døgn på å få lasten fram til vår første stasjon. 

Den 12. mai tok vi fri og reiste en tur hjem. Isen var i oppløsning på vannet, og vi brukte 6,5 timer fra Ringedal til demningen i Skjeggedal.

Den 21. mai var vi i full jobb igjen med heisen Mekjelstøl - Nybbenut. Den 30. mai kunne vi begynne med den ordinære transporten. Heisen virket fint, vannballast på Mekjelstøl og en 3 Hk parafinmotor på Nybbenut til drivkraft. Det gikk i proviant, verktøy, dynamitt, skinner, rør, sand og sement. 50 kg per hiv. Et hiv hvert 10. minutt. Vi kom velberget fra akkorden, tross en del sabotasje fra motparten.

Til transporten Nybbenut - Nybu brukte vi først skikjelke. Senere fikk vi en mann fra Eidfjord til å overta med sine to hester. Det gikk helst fint, bortsett fra en gang da det holdt på å gå galt; Han var på vei alene innover, da den ene hesten gikk gjennom isen på Nybuvann. Han fikk lirket en slede innunder hesten i isen, og med tauforbindelse kjørte han hesten på fast grunn. Han kom sent hjem den kvelden, men fortalte ingenting før ved frokosten neste dag. Han mente at slikt hørte med til fjellarbeidet på denne årstiden.

 

 

Taubana vart forlenga frå Mikkelstøl til Nibbenuten - eit ikkje fullt så bratt område, men likevel bratt nok. Ein taubanebukk var ein av dei større tinga som måtte fraktast opp med muskelkraft. Dette tok Torbjørn Torblå seg av. Han bar bukken oppover som om han bar på ein liten unge - så ein spurte; kva skal bornet heita? "Slet!" svara Torbjørn. Området heiter sidan Slet.

 

 

 

Grunnboring for tunnelutslag ved Breivatn i 1928.

Grunnboring for tunnelutslag ved Breiavatn i 1928. Foto: Berthold Hagemann, Kraftmuseet arkiv

 

Arbeidet med å slå ut ein tunnel i Breiavatnet vart likevel utsett til året etter. Då starta førebuingane med å senka vatnet. Taubana til Amund Stana hadde ikkje lenger kapasitet nok, det vart bygd ei ny bane med endestasjon ved Breiabu. Material og utstyr vart frakta via Mikkelstøl. Mellom anna skulle det drivast ut ein 2170 m lang tunnel. 30 mann budde i telt til tidleg på hausten 1929. Då vinteren kom, hadde dei fått ei brakke med innlagd straum.

 

Håvardsvatn vart senka med 9 meter i 1929, og anlegget ved Breiavatnet vart ferdig i 1931.

Kjelder: Tyssefaldene - Krafttak i 100 år.

Kraftmuseet arkiv

 

Her ein liten filmsekvens frå 1967, då det framleis var taubane (gondol) frå Ringedalen til Mikkelstøl.

Taubane Mikkelstøl from NVIM on Vimeo.

Torbjørn Torblå og Amund Stana

Torbjørn Torblå og Amund Stana

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no