I 1975 la NVE (Norges Vassdrags- og Energivesen) planar om å byggja eit nytt kraftverk inne i fjellet sør for den gamle kraftstasjonen Tysso 1 i Tyssedal. Oksla kraftstasjon var tenkt å overta det mesta av vatnet som Tysso 1 hadde laga straum av i fleire tiår. Effekten i den nye stasjonen skulle auka med ni prosent. Det blei gjort avtalar, der Tyssefaldene AS skulle ha ansvar for drift og vedlikehald.
I mars 1980 stod den nye kraftstasjonen inne i fjellet klar. Oksla fekk installert ein Francisturbin på 215 MW. Dette eine aggregatet produserer 200 GWh meir straum enn dei 15 aggregata med Peltonturbiner i den gamle kraftstasjonen, Tysso l. Årsproduksjonen i Oksla er 900-1000 GWh.
Eit halvt år etter at Oksla var ferdig, sprakk eit av røyra i fjellsida om lag 250-300 meter ovanfor stasjonen. Røyr 3 gav etter for trykket og sprakk i ei lengre flenge utan ytre forklaring. Vatnet fossa ned fjellsida med omkring 30 000 liter per sekund og med eit trykk så stort at det automatiske lukkesystemet i ventilhuset på Lilletopp ikkje virka som det skulle. Vatnet fossa forbi i røyret med så stor fart at luka blei ”ståande” over ”veggen” med vatn utan å falla ned. Røyrkontrollør John Tyssedalstveit såg kva som skjedde heime frå stova si, og sprang opp til Lilletopp på sju minutter og freista å stenga ventilen manuelt. Med rå kraft fekk han skrudd stengeventilen ned gjennom vasstråla der tusenvis av liter rann forbi. Plutseleg slo den automatiske stenginga inn, røyret blei tømt for vatn og det oppsto eit vakuum. Eit sug drog inn lufta og vindaugsrutene i ventilhuset med ein smell. Røyrkontrolløren blei slengt veggimellom og hugsa ikkje meir før han vakna på sjukehuset fleire timar seinare.
Fangdammen på oppsida av kraftstasjonen førte mengder av vatn på sidene av stasjonen.
Foto: Jan Gravdal/ Haugesunds Avis. Kraftmuseet arkiv
Røyrbrotet i september 1980. Private opptak. Røyrbrot i 1980 from Kraftmuseet on Vimeo.
Nære på i kraftstasjonen
Det tok ein time før vatnet var stoppa i det øydelagde røyret. På kort tid var store deler av maskinhallen fylt med vatn og slam og det rann etter kvart ut gjennom dei store vindaugene, fortel augevitne. Folk jobba på høgspentanlegget i instrumenteringa og sidan vatn leier straum, blei situasjonen svært farleg. Det blei overspenning, maskinene begynte å gå med eit voldsomt turtall og bygningen rista. - Etter kvart gjekk straumen.
Til alt hell kom alle seg ut frå heisen og bygget i tide, maskinmeisteren stengde av heile anlegget og ingen personar vart alvorleg skadd i stasjonen. Vatnet hadde då fløymt nedover fjellsida i ein time, men skadane var mindre enn frykta fordi ein oppsamlingsdam ovanfor stasjonen tok av for det verste. Av sikringsgrunnar var det blitt bygd ein mur som skulle leia vatn vekk frå stasjonsbygget. Han vart bygd under 2. verdskrigen som sikring mot sabotasje. Likevel var skadane store. Sikringsmuren bak stasjonsbygget leidde vatnet vekk og reduserte vassmengden inne, men på kvar side rann det store elvar. Vatnet fløymde ut gjennom vindaugo.
To bilar som sto parkert mellom verkstadbygget og lageret, blei sopte på fjorden, og i stasjonen stansa all verksemd. Dei som var i stasjonsområdet blei frakta ut i robåt frå nordsida av stasjonen.
Knut Seim arbeidde på høgspentanlegget i stasjonen og hadde akkurat gått ut av heisen i fjerde etasje då straumen gjekk. Han fortel:
"Plutselig begynte det å slå gnister fra ledningene, det ble overspenning. Bygningen tok til å riste, maskinene i stasjonen begynte å gå med et voldsomt turtall. … Vi ante jo ikke hva som var årsaken, men skjønte at vi måtte komme oss ut. Vi sprang mot døra ut mot fangdammen og Sengjaneset og ble møtt av vannmassene som var begynt å fosse over fangdammen. Det kunne virkelig ha blitt fatalt for oss. Vi reagerte spontant, snudde på hælen og fløy rett inn i heisen som var rett bak oss. Heisen frakta oss ned, og idet vi kom ut av heisen, gikk strømmen. Det var på nære nippet. Hadde strømmen gått et par sekunder før, hadde vi vært fortapt. Det har gått noen tanker gjennom hodet både på meg og Leif i ettertid. Vi gikk ned i kontrollrommet - på "Brettet". De to som var der ante ikke hva som hadde skjedd før vi fortalte det. I sørenden av stasjonen satt maskinmester Torfinn Norheim og visste heller ingenting. Vi sprang bort til han og ba han om å slå av - et av rørene var sprukket. "Hvilket av de?" spurte han, akkurat som om vi kunne vite det. Han slo ikke av, men sprang ut og fikk se alt vannet. Da stengte han alt".
|
Kort tid etter vart Knut Seim og dei andre henta ut med robåt. Heissjakta vart på rekordtid fyllt med vatn til over andre etasje. Maskinist Johnny Våde bar kollega Norheim på ryggen gjennom vatn så høgt at det rakk han til oppunder armane.
Vatnet fossa over riksvegen. Foto: Jan Gravdal/ Haugesunds Avis, Kraftmuseet arkiv
Tyssedal kraftstasjon redda og freda
Dei fire røyra som var intakte heldt fram straumproduksjon, men etter ei tid vart fire av dei fem røyra stengde for godt. Berre røyr 5 blei tatt i bruk att etter røyrbrotet og produksjonen kom i gang att kun i nordenden. Dei eldste turbinane i Tysso I blei permitterte for godt etter 74 års teneste. Takka vera utbetaling av 8 millionar i erstatning og opprydding i anlegget ”overlevde” Tyssedal kraftstasjon. Utan dette tiltaket ville ikkje anlegget blitt freda og seinare restaurert som eit unikt, nasjonalt kulturminne.
Og hell i uhellet: Oksla kraftstasjon i fjellet like ved sto klar til bruk og kunne overta frå hausten 1980.
To av aggregata i kraftstasjonen heldt fram med å levera 25 Hz straum til Smelteverket i Odda fram til 1989. Etter den tid vart aggregata bygde om til omformarar som fekk levera 50 Hz straum omforma til 25 Hz til Smelteverket fram til 1996.
Vatn og gjørme i turbinhallen etter røyrbrotet. Foto: Kraftmuseet arkiv
Etter røyrbrotet måtte Brettet og kontrollpanela dekkast med plast. Foto: Kraftmuseet arkiv