Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Pyttebuene på Folgefonna

– eit pionerarbeid innan breforsking og kraftanlegg under bre. 

 

I samband med kartlegging og undersøking av isbrear, bygde NVE sine iskontor og anleggsbrakker på isbreane. Målestasjonen på Folgefonna vart bygd på Holmaskjer, som ligg på grensa mellom Odda og Kvinnherad kommune. Stasjonen vart seinare kalla ”Pyttebuene” etter forskaren som leia dette breprosjektet, Randi Pytte Asvall.

Randi Pytte Asvall som var norges første kvinnelege glasiolog, gjennomførte i perioden 1963-1971 ei unik kartlegging av Folgefonna (1565 m.o.h.). Noregs Vassdrags- og Elektrisitetsdirektorat (NVE) ønskte å finna ut korleis vatnet tok seg fram under breen.

I 2002 tok NVIM initiativ til å få restaurert målestasjonen frå 1963 på Holmaskjer. Den omfattande breforskinga på Folgefonna la grunnlaget for bygging av Statkraft sitt kraftanlegg under Folgefonna (1968-1974). Både breforskinga og kraftutbygginga under Fonna var pionerarbeid.

 

Dei to buene - hovudhytta og garasjen for snøscooteren «Vargen» og oppbevaring av måleutstyr - vart restaurert for å halde i mange tiår framover i eit ekstremt værhardt klima. Innvendig er buene i stor grad tilbakeført til slik dei var under bremålingane på 60-talet. Dette har skjedd i nært samarbeid med Randi Pytte Asvall.

 

Utvendig vart det lagt nytt solid papptak, deler av veggar og støtter skifta ut, vegger vart måla og bygga bardunerte på nytt. Dette skjedde og i nært samarbeid med NVE. Randi Pytte Asvall sin gamle sovepose er på plass, saman med den handstrikka gensaren, treskia og kopi av dagsrapportar frå feltarbeidet og grundigare glasio-hydrologiske årsrapportar.

 

Restaureringsarbeidet vart i hovudsak utført av dåverande bygg- og anleggsleiar ved NVIM (Kraftmuseet), Terje Kollbotn og Leif og Torbjørn Bay frå Odda Jernvare- og Takservice.

NVE og Statkraft kosta restaureringsarbeidet. Arbeidet vart utført i  august 2002. 

 

Liknande brakker var sette opp på mange av breane våre. Brakkene hadde ein karakteristisk trekantform, inspirert av telta frå den tida. Fleire av desse brakkene står enno, nokon er overdratt til lokale turistforeiningar.

 

17. august 2002 opna den 100 år gamle turist- og ridestien frå Odda til Holmaskjær etter restaurering. Dagen vart avslutta i solnedgangen kl. 21.00 med reopning av ”Pyttebuene”. Randi Pytte Asvall fortalde om det glasio-hydrologiske arbeidet på Folgefonna og livet i ”Pyttebuene”. Jan Alne, leiar for Statkraft region vest fortalde om kraftanlegget under Folgefonna. Terje Kollbotn frå NVIM fortalde om restaureringa av bueneog inviterte alle 50 som hadde møtt fram på ei omvising i ”Pyttebuene”. Dagen etter var 15 personar med på tur over Folgefonna via Fonnabu til anleggsområdet i Rennedalen.

 

Den vesle, forblåste museumsfilialen på ”Norges tak» er ope heile året, og besøket er gratis.

 

 

Pyttebuene på Folgefonna i 1963 Starten på bygginga av Pyttebuene i 1963. Foto: Randi Pytte, Kraftmuseet arkiv.

 

 

Pyttebuene på Folgefonna i 1968-1969 Målestasjon og instrumenter på Holmaskjer i juli 1968. Foto: Randi Pytte, Kraftmuseet arkiv

 

 

 

 

Bygging av buene i mai 1963 Ei nybygd hytte i mai 1963. Foto: Randi Pytte, Kraftmuseet arkiv

 

 

Restaurering av Pyttebuene på Folgefonna i 2002

Etter restaureringa i 2002. Foto: Signe Kråkevik, Kraftmuseet arkiv

 

 

 

 

På dette biletet frå 1963 ser vi eit helikopter i ferd med å frakta byggmaterialer til ei slik brakke. Foran står ein snøskuter av merket ”Varg”. Foto Randi Pytte - NVE, Kraftmuseet arkiv

 

 

 

 

Pyttebuene på Folgefonna i 2003 Eit besøk på Holmaskjær og NVIM sin "brefilial" Pyttebuene i august 2003. Foto: Stein Haugen, Kraftmuseet arkiv

 

 

 

Bygging av buene i mai 1963

Bygging av buene i mai 1963

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no