Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Låtefoss

Med ei fallhøgde på 165 meter kastar dei to fossane som utgjer Låtefossen seg ned mot hovudvegen - RV13. Opovassdraget med Låtefossen var blant dei 93 vassdraga som blei varig verna i Verneplan I frå 1973.

Låtefoss og steinbrua over RV13 Låtefoss og brua. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Vatnet dusjer vegen og naturen rundt, før det renn vidare under den gamle steinkvelvbrua. Vassdraget den renn frå og ut i, er Opovassdraget. Opo, Storelvi, eller øvre Opo, høyrer til Odda kommune og renn gjennom Oddadalen, og kalla "Fossenes dal". I den ca. 10km lange dalen finn ein heile sju fossefall.

 

Tvillingfossen renn ut frå Lotevatnet/Låtevatnet. Den nordlege fossen heiter Låtefoss, den sørlege Skarsfoss. Namnet Låte kjem frå gardsnavnet Låte - frå norrønt lót (kvelving) som beskriv kvelvinga som Låtegarden ligg i. Ei anna tolking er at namnet kjem frå låten (lyden) av fossen, som høyrest på lang avstand.

 

Veg og bru

Arbeidet med vegen gjennom Oddadalen starta i Odda i 1857 og gjekk vidare til Røldal og grensa av Telemark. Vegen måtte kryssa elva ved Låtefoss, og Låtefoss bru, ei 6-løpa steinkvelvsbru, blei bygd. Den blei heile 60 meter lang, om lag 4,5 meter høg, og hadde ei køyrebreidde på 3,6 meter. 4 av løpa var kring 5 meter breie, medan dei to siste målte godt over 6 meter. Som så mange andre steinkvelvsbruer er ikkje helie kroppen bygd av steinblokker. Dei dannar eit «skal», som på innsida er fylt med sand, grus og mindre stein. Vasspruten frå fossen står så å seie konstant over vegbanen, så det må ha vore ei våt oppleving å lage brua. Spesielt problematisk har kanskje fuginga av kvelva vore – mørtelen bør helst ikkje vere for fuktig for å klare å bitte skikkeleg. Men det at Låtefoss bru framleis er ein del av riksvegsnettet, viser at jobben blei fagmessig godt utført.

 

Låtefoss bru stod ferdig i 1859, og var det første store einskildprosjektet langs vegen.

 

Utover på 1900-talet blei bilane fleire og større, og Låtefoss bru heldt ikkje lenger mål. Kring midten av 1940-åra blei brua difor utvida med om lag 2 meter ut mot Storelva, slik at totalbreidda kom opp i over 6 meter og den asfalterte køyrebreidda blei 5,5 meter. Under asfaltdekket fekk brua ein 20 centimeter tjukk armert betongplate, langs køyrebanen blei betongfendrar sette opp som rekkverk, og isbrytarane ut mot Storelva blei bygde inn i sjølve brulekamen. Dei 5 isbrytarane opp mot fossen på «baksida» av brua, derimot, står der framleis.

Den delen som turistane ser og fotograferer i dag, blei bygd som ei vegutviding for kring 50 år sidan. Ikkje i 1859/1860 slik mange trur.

 

 

Utsiktskafeen  

50-60 meter sør for brua går ein flott chausséveg oppover fjellsida på austsida av vegen. Den endar ved eit utsynspunkt lenger oppe ved fossen, der vi også finn ruinane etter den gamle utsiktskafeen som vegen var bygd til. Turistar kom frå fjern og nær, frå innland og utland, og hadde Låtefoss som eit av sine mål. Frå Odda blei dei frakta i karjol inn til fossen, fekk tatt seg ei forfrisking ved kafeen medan dei beundra fossen, og sidan køyrde ned igjen til båten eller hotellet i Odda.  

Låtefoss hotell og utsiktskafé. Foto: Knud Knudsen, Kraftmuseet arkiv.

 

 

 

Låtefoss, Odda

Låtefoss, Odda

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no