Allereie i 1857 vart vegen frå Odda gjennom Oddadalen bygd. Turiststraumane tok til rundt 1860-talet, og dei fleste skulle fraktast med hest og kjerre opp til Låtefoss.
Knud Knudsen sitt bilete av vegen til Låtefoss på midten av 1800-talet. Foto: NVIM arkiv
I 1973 vart Opovassdraget gjennom Oddadalen varig verna, og ei ny vegutbygging må ta omsyn til dette.
Det har lenge vore planar om korleis ein skal gjera vegen sikrast og best mogleg utan å forringa opplevinga for turistar og turistnæringa.
Det eksisterer ein ferdig godkjend reguleringsplan for tilstrekkeleg og trygg parkering, eit besøkssenter og gangvegar til utsiktspunkter. Planen er utforma av Statens vegvesen og Odda kommune i fellesskap.
Norsk form har stått for utforming av besøkssenter m.m. Det var kommunaldepartementet som var opphavet til planane. Det er ikkje teke stilling til den endelege utforminga av besøkssenteret.
Artikkel i Hardanger Folkeblad i 2010.