Buerbreen var og er framleis eit kjent reisemål både for turistar og nordmenn. Kvart år gjennom sommarsesongen kjem det tilreisande frå alle kantar av verda for å oppleva snø og is på nært hald. Breen har nådd mykje lenger ned i dalen enn den gjer no. På slutten av 1890 nådde den ned i dalbotnen og midt på 30-talet nådde den så langt ned som bilete viser.
Som ein ser nådde breen langt ned i dalen den gong. Biletet er frå Gletthaug. Her sto det første hotellet, ”Buer Hotel” og litt lenger bak hadde gardane på Buer sommarfjøs. Breen kom veldig nær fjøset, store steinar gjorde det vanskeleg å kome forbi, men fjøset vart ståande. Men hotellet vart tatt av skrevind etter eit ras lenger oppe.
Foto: Kraftmuseet arkiv
Buerbreen og Buer i 2004. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
I 1932-34 var det folk som kom til Buer og gjorde oppmålingar samstundes som dei tok ein del bilete i samband med planar for ein gondolbane frå om lag der turisthytta stod og opp gjennom Langgrød-dalen. På den måten var det kort veg til Folgefonna, som var målet for mange tilreisande.
Buer Hotell i 1920-25. Hotellet vart flytt nærare garden på Buer i 1897, då breen ville ta huset. Det vart reve i 1935.
Foto: Kraftmuseet arkiv
Buerbreen i 2004. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Margit Buer i 1937. Foto: Kraftmuseet arkiv
Biletet er tatt i mai-juni 1937. Margit Buer, gift Åkre, var 18 år den gong fotograf Normann kom og ville ta opp ein kort film frå Buardalen og breen. Han ville gjerne ha med ein person i filmen, og Margit vart spurt. Ho stilte opp i bunad. Som takk for innsatsen skulle ho få to, tre bilete frå filmen. Lite visste Margit at filmen seinare vart vist i reklamesamanheng verden rundt, bl.a. i USA, og tre prospektkort vart produsert og selt overalt i Norge, bl.a. hjå bokhandlar Hagen i Odda, som har gjeve to av korta til Kraftmuseet.