I kraftverket er fleire bekkeinntak ført inn i eit takrennesystem som saman med vatn frå det regulerte Mysevatn utgjer dette vasskraftverket under isbreen Folgefonna. Kraftproduksjonen starta i 1974, etter at ein hadde leita etter vatnet i seks år. I 1983 vart ein spyletunell opna, som førde steinmasser og sand ut frå magasina. I filmen som NVE laga, kan ein sjå arbeidet på det som vart kalla eit ekstremprosjekt. Det andre subglasiale vasskraftverket befinn seg under Svartisen.