Hausten 1929 starta Det Norske Zinkkompani AS drifta si på Eitrheimsneset som den tredje store industriverksemda i Odda kommune. Nykomlingen var størst av fabrikkane, og slik er det enno.
Verksemda endra i 1976 namn til Norzink AS, men lokalt er namnet «Zinken», uansett kven eigarane er.
Hovudprodukta er sink og aluminiumfluorid, som blir sendt med skip over heile verda.
Historia om Zinken er ein del av industrieventyret i Odda…
I utstillinga kan du læra om "stripping" ved fabrikken, om korleis sink heng saman med barneromper, om arbeidarane sine arbeidsdagar med stemplingskort og dårlig pust, om andre verdskrig, eigarskap og metallbørs, og ikkje minst korleis geniale idear løyste gamle miljøproblem.
Som dei andre faste utstillingane, er ”Ei skinande metallisk framtid” rikt illustrert med bilete og gjenstandar. Sink- og metallutforminga sørgjer for eit ”autentisk” fabrikkinntrykk.
I dag er zinken eigd av Bolidenkonsernet.
Arbeidar i prosessindustrien. Foto: Harald Hognerud