Vassmagasina til AS Tyssefaldene hadde ikkje nok vatn til å produsera straum til verksemdene. Allereie hausten 1959 vart det sett i gang rasjonalisering av straum då tilseg av vatn/snø allereie frå hausten av hadde vore svært låg, opp til 56% i fylgje målingane til AST. Verksemdene sparte det dei kunne, men ynskte sjølvsagt ikkje å senka produksjonen og seie opp folk. Likevel førde dette til noko arbeidsløyse, der kring 100 mann vert sett i sysselsetjingsarbeid på Eitrheimsvegen. Utover hausten 1960 vart det sett i verk sparetiltak også i kommunane Odda og Ullensvang, som mindre gateljos m.v.
Ordninga varte til 1961, men monna ikkje nok. Andre og mindre tiltak vart sette i gang inne på fjellet for å tyna meir vatn ned til verksemdene. Mellom anna vart det laga eit hevertsystem frå magasinet i Langavatnet. Det monna litt, men vart likevel for puslete.
Tyssefaldene hadde heller ikkje hatt den store trua på tiltaket, men kraftleigarane var i beit for kraft og pressa på.
Det vart lagt ut røyr frå Langavatnet og fram til kanten på Ringedalen for å freiste skaffe meir vatn ned i Ringedalsvatnet. Effekten vart liten eller ingen og Tyssefaldene ville prøve noko heilt nytt.
Den 27.09.1960 og 01.10.1960 kom det brev frå Klaveness chartering med tilbod om kraftlevering pr båt. Direktør Stin Hysing tinga to båtar som skulle produsere den straumen selskapet hadde forplikta seg til å levera til kraftleigarane.
To T2-tankarar, ein frå Magnus Konow og ein frå Anders Wilhelmsen; "Willpower" og "Lundis Lane" vart losa inn Sørfjorden frå Rotterdam. Den eine ankra opp i Tyssedal, den andre i havnebassenget i Odda. Desse tankarane var bygde for å gå inn i bombeherja byar for å produsera straum i krigstid.
Bård Kolltveit skriv i ein kommentar:
Wilpower heitte eigentleg Wilchief, men vart omdøypt i samband med kraftleveringa. Skipet tilhøyrde reiarlaget Anders Wilhelmsen, seinare storeigar i Royal Caribbean Cruise Line. Lundy's Lane tilhøyrde reiarlaget Magnus Konow, som ikkje lenger eksisterer. Begge var av den amerikanskbygde T2-tankskipstypen, seriebygd under andre verdskrigen. Maskineriet var turbo-elektrisk, og såleis høveleg for kraftproduksjon. Interessant, sett på bakgrunn mot kravet om straum frå land til cruiseskip som gjestar Vestlandsfjordane i våre dagar.
Til saman produserte båtane 200 000 kilowattimar 50 periodars straum i døgeret. Problemet var at mykje i Odda var laga til å fungera på 25 periodars straum. No måtte alt elektrisk utstyr tilpassast førebels, medan alle venta på at regnet skulle koma. Utpå våren 1961 betra kraftsituasjonen seg, og fabrikkane fekk den straum dei hadde rett på.
Såleis fekk AS Tyssefaldene her eit signal om at det var på tide å byggja ut Tysso II, og i august 1961 sende dei inn konsesjonssøknad.
AS Tyssefaldene byrja byggja ut anlegget Tysso 2 i Skjeggedal i 1964 og kunne levera 50Hz straum frå 1967.
T2-tankarane ankra opp utanfor kraftstasjonen i Tyssedal i 1961. Foto: Kraftmuseet arkiv
Kjelder: Jubileumsboka "Tyssefaldene - krafttak i 100 år" av Jan Gravdal og Vidar Våde
Olav Kolltveit - Bygdesoga, nettstaden Sjøhistorie.