Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Eggstremsport!

Det er lov å leika litt med maten når det er ferie. Her er ei morosam utfordring, med litt praktisk teknologi & design, og eit element av spenning - eggstremsport!

Utfordringa er å laga ei innretning som gjer at egget ditt overlever eit høgt fall mot bakken. Sjølve testinga går føre seg utandørs, så her kan du invitera vener med på konkurranse 

Forklaring under bileta.

 

Påsketips med egg Teikna eit ansikt på egget, og gjev det gjerne eit namn. Det gjer den opplevde innsatsen høgare, og er dessutan gøy i seg sjølv.

 

Påsketips med egg Bestem kva materiale som skal kunna brukast. Her er det brukt 1 A4-ark, 1 ballong, 1 pappkopp, litt hyssing og litt teip pr person. Du kan bruka andre ting om du ikkje har akkurat dette, bruk fantasien. Det blir for lett om ein har ubegrensa material.

 

Påsketips med egg

Så er det å finna ut korleis ein skal bruka materialet ein har tilgjengeleg til å sikra egget best mogleg i fallet. Går du for fallskjerm? Hjelm? Airbag? Korleis festar du utstyret sikkert? Korleis regulerer du farten i fallet, eller kva veg egget kjem til å landa?

 

Påsketips med egg

Kast egget frå eit vindauga i 2. etasje, ein balkong, ei låvebru, eller ein annan litt høg plass. Korleis gjekk det?

Her enda det tragisk for to av egga...

 

Påsketips med egg

...det siste overlevde. I alle fall ei lita stund.

 

 

Alle foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no