Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Lungeurt og Ph-verdiar

Har du lungeurt i hagen? Den er spesiell, fordi han startar som rosa og går over til fiolett og blå utover i bløminga. Lær kvifor, og korleis du kan bruka lungeurt (og andre planter) som indikator for syre og base!

 

Forklaring under bileta

 

Lungeurt og PH-verdi

Lungeurt er ganske vanleg i hagar rundt i landet, og kan og forvilla seg ut av hagen.

Kronblada inneheld antocyanin, og det er det som gjer at fargen skiftar. Det er nemleg ein indikator,                        som skiftar farge i syre og base. pH-verdien i blomen endrar seg i blømingssyklusen, og derfor endrar blomen farge.

 

 

Lungeurt og PH-verdi

Korleis påverkar pH-verdien fargen? Prøv då vel!

Kok blomane opp i litt vatn. Bruk mykje blomar og lite vatn, så det blir mest mogleg konsentrert avkok.

Hell avoket i tre gals, og putt oppi noko surt (som eddik), noko basisk (som natron) eller noko nøytralt (vatn, eventuelt ikkje putt oppi noko ekstra).

NB: Skal du bruka konsentrerte basar som salmiakk og sterke vaskemiddel, så pass på augene.

 

Lungeurt og PH-verdi

Her er resultatet med tre ulike pH-ar. Korleis blei ditt resultat? Kva farge blei den sure, den nøytrale og den basiske løysinga?

Kan du no seia noko om korleis pH-verdien i lungeurtblomen endrar seg gjennom bløminga?

PS: Om du ikkje har lungeurt, så kan du prøva å laga indikator av andre planter og, det kan vera blomar, blad, krydder, frukt eller bær. Planter som er blålilla har ofte antocyanin, men andre stoff kan og gje fargeeffektar. Prøv deg fram, og vis oss gjerne resultatet!

 

Alle foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no