Fyll litt matolje i eit glas. (Altfor god olje for eksperimentering, men er det unntakstilstand så er det unntakstilstand)
Tøm vatn (helst med litt farge i) oppi. Kva legg seg øvst? Vatnet, sjølvsagt. Det er jo det me tømer oppi sist..
Har du sett, olja flaut opp! Kvifor flyt olje på vatn? Og kvifor vil det ikkje blanda seg?
Drypp litt vatn i ulike fargar oppi. Bruk eit sugerøyr til pipette, ved å halda for opninga med tommelen kan du løfta vatnet opp. (Kvifor funkar det?)
Puttar du vassdropane i oljelaget så held dei seg runde og fine. Dyttar du dei ned i vasslaget så sprikk dei. Kvifor?
Kanskje de har andre ting i kjøkkenskapet og, som er fine å putta oppi? I kva sjikt vil dei leggja seg?
Til slutt kan du putta oppi ein brusetablett eller litt brusepulver, til dømes samarin eller c-vitamin. Her skjer det ein kjemisk reaksjon, og det blir danna ein gass. Nett som i brus. Kva er det som lagar bobler i brusen? Ei lommelykt gjev fin effekt.
På eit tidspunkt må vitskapleg metode vika for pur utforskingslyst. Send gjerne bilete viss de prøver heime!
Fyll litt matolje i eit glas. (Altfor god olje for eksperimentering, men er det unntakstilstand så er det unntakstilstand)