Smia var ein viktig del av Oddafabrikkane. Foto: Kraftmuseet arkiv
Film: Dag Endre Opedal, Kraftmuseet
I bygget var det smie, blekksmed, rør- og motorverkstad og sveiseverkstad for diglar.
Her var produksjon av utstyr for bruk ved tapping av karbid, montering av elektrodar samt diglar til å tappa karbiden i. Det var heilt naudsynt å ha diglane klare til oppstarten av karbidovnane. Difor måtte alt utstyr i bygg 26 vera driftsklart til 15. juni 1907. I bygg 26 vart det heilt fram til 2003 produsert og reparert tappeutstyr, tappediglar og utstyr til elektrodar for karbidovnane. Dette vart tilpassa utviklinga av ovnsteknologien.
Bygget er eit av teglsteinsbygga i ”gata” som går nordover frå skalltaket. Det ligg på austsida av smelteverksområdet, rett ovanfor trefasomnshus III, med langsida mot vegen. Ytterveggane er av teglstein, og takkonstruksjonen er ståltakstolar tekte med bølgjeblekk. Opphaveleg var taket valma med takoppbygg, seinare ombygd til saltakform. Bygget har klassiske teglsteinsdetaljar som bogemotiv, avtrappingar, horisontale fasadeband, ornamenterte gesimsband med tannbord og rundboga vindauge. Innvendig er bygget delt i tre rom, med teglsteinsveggar imellom. Smia er ei komplett industrismie med mellom anna sveiseapparat, amboltar, esse, herdeomn, kran og ei rekkje ulike typar smedverktøy intakt.
Bygget si utforming, med raffinert teglsteinsdekor, gjer det til ein god representant for den tidlege byggefasen ved anlegget. Saman med nabobygga dannar smia eit fint gatemotiv frå råstofflageret ved karbidfabrikken og ned mot cyanamidfabrikken.
Under Smedfestivalen i 2011 vert ei rose smidd til minne om ofrene frå Utøya. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
På smedfestivalen i 2011 fekk også dei minste prøvesmi. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Ei oppvising i smedkunst under smedfestivalen i 2011. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Skulelevar får prøva smedfaget. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Elevar ved smedlinja på Odda vgs. Foto: Dag Endre Opedal Kraftmuseet