Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Gamle-Marta fortel

Det stod ei gamal årestove i Skjeggjadalen eller i Dalen, som folk sa. Ho Gamla-Marta fortalde om henne.

Skjeggedalstova før

Ho var ti alner i firkant og bygd av stort rundtømmer. Ho hadde ikkje vindaugo, sa ho, berre ljore. Ho Marta budde i denne stova i ungdomen, og i denne stova var ho fødd. Her fekk ho auga på jolasveinane. Dei kom inn til henne og talte til henne. Ho trudde såvisst på dei. Dei siste tretti-førti åra nytta dei stova til arbeidshus. Dei reiv henne ikring 1850.

I 1812 hadde dei bygningsfolk oppe i Dalen. Dei skulle ha seg ny stove. Ho Marta var då 24 år. Han Knut Åse var ein av bygningsmennene. Han prata ofte med ho Marta, men ho ensa han ikkje større. Då fekk han overtalt ho til å drikka eit vinglas med nokre blodsdropar i - det var visst frå fingen. Då vart ho ør etter han, og kunne ikkje sleppa augo av han. Dei sa at ho sat på tømra med han i arbeidstida om dagane. Og so vart det bryllaup. Men då dei kom frå kyrkja i Odda, då hadde den sterke kjensla kjølna. — Folket ovantil Dalen var jamt innom til jordamannen i Tyssedal på attendevegen når dei hadde bryllaup eller sjaunder for seg. Der i Tyssedal reiv ho Marta brurasylvet av bringa og kasta det i fanget på brudgomen, og sa at ho kom aldri til Dals meir. So laut han Knut tutla seg opp i Dalen åleine. Vermori spurde kvar han hadde gjort tå bruri. Han fortalde då kor det stod til.

«Ja, no ha du fengje 'ne, antan da æ tao Gud gilde hinmannen, å no fær du ha 'ne», sa ho.

Ho Marta kunne ikkje trivast oppe i Dalen, endå ho var fødd og vokst opp der. Ho ynskte ofte at heile dalen hadde vore full med stein. Han Knut hadde lova henne då han fridde at ho skulle få flytta ned til fjorden. Men denne lovnaden kom han aldri til å halda. Jorda var bygslejord under Bleie. Han Knut reiste ut i fjorden til han Lars og løyste henne inn. Hadde ho Marta visst dette, hadde ho aldri teke han, sa ho. Det belet pengane gjekk so ned i verd, då var han Knut skuldig to hundre dalar. Han skaut då ein oter med Vassendfossen og løyste seg or skuldi.

 

Han Knut lika dalen. Han hadde fjella og dyra innpå seg på alle sider, og det høvde han godt.

 

Me høyrde at han Knut snudde på hugen hennar Marta. Han låg inne på fleire slike fautor. Folk sa det om han at han kunne fjetra(trylla) òg. Det var dei som hadde vorte vise med at fuglane hadde sett seg på handa hans. Om ymse tilgangar ute i naturen hadde han sermerkte meiningar. Ein dag stod han og skoda på ein regnbue som gjekk frå Brakupsæ og til Vassenden.

 

«Da æ storlaikjen pao solæ, da», sa han.

Han kunne seia kvar vindane kom ifrå og. Ein dag stod det slik ein kaldgufs frå nord.

«Da æ kaldt i dag», sa han Knut, han stod og gnika seg i hendene.

«Han æ tao noraust, kjenn'eg. Å ja, dar æ 'kje varmare dar han kjem'e ifrao.»

«Kar æ da dao?» spurde ein tå gutane.

«Da æ ifrao Juklen, da. Eg ha sjøl'e vò dar.»

 

gamle Marta

Gamle-Marta

 

Han var heller ingen tosk til å svara for seg. Ein vår var han med og bygde på Espe. Kona kjefta, at det gjekk so seint med arbeidet. Ein morgon brigsla ho han Knut for di han var so seint uppe.

«Du ha sove godt frampao i dag», sa ho.

«Ja, eg ser at solæ æ alt komæ», svara han.

Det var nok kona han tenkte på med sola.

 

Augo hans og hendene hans stod ikkje attende for dei andre gode sidene hans. Nokre karar heldt på og sette opp ei stove. Det var seks-alna vegger. So kom han Knut, ville sjå på arbeidet deira. Han var noko opp i åra då, og dei unge snikkarane brydde seg kanskje ikkje so mykje om han.

«De byggje skjaivt», sa han, «veggjena dekan æ ikkje baine.»

Og det var so. Men det var so lite at berre det gløggaste auga kunne gå det.

Om vintrane laga han stampar og strumpar, kaggar og kinnor, gardsvelde og husbunad, og alt var fint og fete. Ymist vende han åt fjordfolk. Han kunne og sitja ikring i stovone med laggingi si. Ein vår var han hjå Knut Brattespe. Den dagen han skulle reisa, drog det noko ut før han kom i veg.

«Da li’ù langt no», sa han Knut.

«Ja, dyre deg li'e da langt. Me ha snart jonsoke», sa han.

Men ikkje noko gjekk han so upp i som veidet. Det var sakte mykje både tå bjørn og rein og andre dyr på fjellet ikring Dalen i gamal tid. Det hende at bjørnen kom like heim åt husi.

«I dag ha han vò tilæ ùppe, han Tòmòs, grannen min», sa Knut ein morgon om hausten det låg nysnø på marki.

Det var nok bjørnen han ropa for granne. Når dei stod og slo på heimabøen, kunne dei verta vise med dyradottar i Einsæten.

Han Knut var no òg tå dei som råka det han meda på. Ein gong ville dei prøva honom, og so sett dei upp ei bógskildre tå ein sau, ei 150 alner borte. Han Knut sette tri kulor midt i skildra. Ein sumar hadde han fem bukkar gåande i Aoholet, upp frå Ringjadalsvatnet. Bukkane var skjerre og beiti stygge, og so laut han skjota dei. Han sat i båten og skaut. Han la ned dei fire, men den femte let han gå.

«Ve du ikkje ta dan òg?» spurde dei.

«Han stend'e so ulaglæ te at eg fær ikkje sekkja kulo attùm oyra, å dao fær da væ da sama», sa han.

Då dei hadde bore bukkane ned i båten, synte det at dei hadde fått skoti attom øyro, alle saman.

Bjørn tok han både med sjølvskot og med munnladningen sin. Ein gong la han ut sjølvskot i Bjødnaliæ inne med Ringjadalsvatnet. Kulone berre meidde bjørnen, og so tok Knut og Helge (sonen) ut på leiting. Nede med vatnet kom bjørnen imot dei, og då var han ikkje blid.

«Skjot fyst'é dù sa han Knut.

Han Helge skalv so på hendene at han bomma.

«No kjem 'an å ve ta aoko», sa han.

«Teg berre stidl'e, du. Midt i skadlen ska han ha da», sa Knut.

So sette han seg ned på det eine kneet til å bia. Og so small det. Jau, kula nådde målet sitt.

Det var bjødnarekster, og han Knut sat. Då kom det ein kar, og sa at no stod bjørnen eit stykke borte og glytte attom ein stein.

«Eg ska glytta mæ 'an, eg», sa han Knut.

So stilte han seg innpå, og so laut han ned, denne bjørnen òg.

Ein dag kom det folk frå fjellet, og dei kunne fortelja at dei hadde fått auga på ein bjørn. Eit par ungdomar sprang inn etter børsone sine med same, skulle i veg. Han Knut var noko uppe i åri då, so dei stod i evet om dei skulle ha han med. Dei rodde innetter Ringjadalsvatnet, og skola upp i lii. Det var der bjørnen skulle vera. Best det var, sette den eine guten i og skreik:

«Dar kjem"an?»

Bjørn i tre

 

Bjørnen heldt då på og slepte seg nedetter nokre skòrer. Det vart ikkje so at dei kom seg til å skjota, ungdomane. Men han Knut la børsa åt kinnet, og bjørnen kanta.

Tå alle dyr var det reinen han Knut la seg mest etter. Han fanga honom i graver. Eit stykke inne på Viddi, aust for Dalen, skal det vera vister etter ei grav. Elles bruka han helst munnladningen sin.

Stundom kunne han få dyri upp i hendene. Men det var ikkje jamt so. Det råka at han gjekk dag etter dag, utan at han fekk auga på eit dyr. Ein gong spurde dei han kor langt nord han hadde vore.

«Eg ha vò lika te dar austavinden kjem'e ifrao», sa han.

Ein vår fór han og tumla over heile Vest-Viddi. So vart han matlaus. Han kom seg til mannar i Eidfjord. Der fekk han mat, so mykje han berga seg heim att.

Han var overlag fimføtt. Det var berre so mykje han sopa nedpå marki med føtene. Han slengde dei ut i ein boge for kvart stig. Møtte han ei tuve, steig han aldri over henne, kasta berre foten til leds. Han syntest liksom å gå på fjører, og fór som ein vind over Viddi. Og aldri vart han trøytt. Ja, han var ein eitel.

Han sa at dersom han blodvikte seg når han etla seg på veide eller var på veide, då fekk han dyr. Ei natt låg han under ein heller. Om morgonen stanga han hovudet upp i taket, og blodet fluste nedetter andletet. Då sette han på sjeli si:

«Hùn tùrke, vaie eg ikkje i dag, so vaie eg aldri!»

Og før kvelden korn, hadde han fått dyr.

«Fær eg kringga dyræ, so æ dai faste», sa han ofte.

Han ladde børsa i spranget. Han hadde krut i ein papirpose, so mykje som han turvte til eit skot, og so beit han hol i posen og rende krutet ned i pipa. So ein dott med ladteinen og so inn med kula!

Ein haust var han Knut og han Helge på reinsveide i lag. I Raidnaskòræ

(ovom Tyssestrengene) vart dei vise med ein dott. Han Knut skaut, og ein bukk stupte. So treiv han børsa åt sonen og sprang til gjegnskøytes med dyri, og so la han ned eit dyr til.

Gamle bilder fra Skjeggedal

 

Det hende at han råka på andre veidemenn. Ein gong hadde han veidelag med nokre eidfyrder. Dei gjekk seg på ein stor dyraskokk borte med Hårteigen. Men då dei var i ferd med å stilla, var han Knut heg'i ein stein med den eine foten — og dyri flaug.

«Kafy gjore du detta?» sette eidfyrdene i.

«Eg vilde berre sjao kùr dai sprang, eg», svara han.

Det vart då so at dei skilde lag. Men då leita han Knut upp dyri, og so skaut han det han ville.

Ein haust møtte han eit par eidfyrder med Skaolsnuten, sør for Hårteigen. Han spurde om dei skulle ha veidelag, men dei var ikkje noko for dette. Eit bel etter råka han på ein dyrakank, og han skaut tri dyr. Med han heldt på og gjorde upp, kom eidfyrdene byksande, dei hadde høyrt smellane.

«Kar vatt da tao dyræ?» spurde dei.

«Dar fór dai», sa han Knut og peika på Folgefonni (på hi sida åt Sørfjorden ).

Borte med Kodl råka han på eit par austmenn, og det vart so at dei kom til å vera seg i hop med natti. Om morgonen spurde dei om dei fekk veidelag, men han hadde ikkje noko smaul på dette. Då han skildest frå dei, sa den eine:

«Eg tenkje me fær halda på dan stora fonni der burte», og peika på Folgefonni. «Ja, gjer da», sa han Knut, «so finn'e de dyr».

 

 

 

Fjellmenn og veidemenn - Han Knut Skjeggjadalen

Kilde

Halldor O.Opedal

Folk or gamal tid

Folkeminne ifrå Hardanger III

HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974

Gjengis med spesialtillatelse av

Hardanger Folkemuseum 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no