Stadnamnet vart opprinneleg uttala "Skjeggjadal", og ein veit at det også i middelalderen budde folk her. Skjeggedal blir nemnd i 1616, då som Ødegård.
På Island tyder "Skjeggjadal" ein stad med fossar som risen budde bak, og risen hadde stort skjegg.
Det mannlege namnet Skjegge var kjend i Sørfjorden frå den tid.
Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Ringedalsdammen
Ringedalsdammen ligg i Skjeggedal, og blei oppførd i Ragnvald Blakstad (1866-1929) si tid som generaldirektør for A/S Tyssefaldene frå 1910 til 1923.
Demningen er bygd i handmeisla granitt, og er den største demningen av sitt slag i Norge. Første byggetrinn er det bruka granitt lagt i sementmørtel. I neste byggetrinn er den indre delen av betong og stein, med den største betongmassen mot vatnet. Inne i dei nedre og bakre delane er det store granittblokker lagt i betong. Inne i dammen er det ein langsgåande inspeksjonskanal. Det oppsto tidvis lekkasjar, og i 1929-31 blei det støypt ei jernbetongplate på vatnsida. Tyssedal var igjen ute med ei teknisk nyvinning; støypeteknikken Chr. F. Grøner brukte, vakte oppsikt. Grøner fekk tildelt Sam Eyde sin ærespris for framifrå ingeniørarbeid i 1934.
Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Ringedalsdammen er 521 meter lang og 33 meter høg. Breidden er 4 meter ved damkrona og 21.5 meter ved foten. Magasinkapasiteten er 407 mill. m3, der 202 mill.m3 er oppdemma. Dammen står imot 490m³.
Det er trollet si gigantiske middelalderborg med toppen som tenner og portmotiv ved slusene som møter deg på vegen inn i fjellet. Dammen er dekorert med ei damkrone utforma etter modell av ei middelalderborg. På midten kan ein sjå initialane til Ragnvald Blakstad, samt årstala for byggeperioden då demningen vart bygd, utført i 4 meter høge bokstavar i handhogga granitt.
Blakstad sine initialar. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Frå Ringedalsdammen kan du spasera innover Ringedalen, eller du kan gå over demningen og vidare opp til Mosdalen. Ringedalen er godt egna som startpunkt for turar i fjellet; for jakt og fiske, eller fotturar innover Hardangervidda. Dette er utgangspunktet for turar inn til Trolltunga.
Pumpehuset - Skjeggedal kraftstasjon Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Skjeggedal kraftstasjon
Krafstasjonen blei bygd i 1938 for å nytta vatnet frå Ringedalsdammen ned til Vetlevatn. Den nye kraftstasjonen i Tyssedal, Oksla, som tok over produksjonen for Tysso I i 1980, får vatn frå Ringedalsvatnet. I 1986 blei Skjeggedal kraftstasjon bygd om til ein pumpestasjon og vatnet vert pumpa opp att i Ringedalsvatnet gjennom same røyr som det tidlegare rann ned i.
Skjeggedalstova. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Skjeggedalstova
Skjeggedalsstova er ei gamal røykstove/ljorestove frå 1817 som høyrde til det gamla tunet på garden i Skjeggedal frå 1866.
"Det stod ei gamal årestove i Skjeggjadalen eller i Dalen, som folk sa. Ho Gamla-Marta fortalde om henne. Ho var ti alner i firkant og bygd av stort rundtømmer. Ho hadde ikkje vindaugo, sa ho, berre ljore. Ho Marta budde i denne stova i ungdomen, og i denne stova var ho fødd".
Skjeggedalstova er ei tradisjonell røykovnstove frå Hardanger med gang, kleve og stoverom. Frå gangen er det ei trapp til rom på loftet. Stova blei tatt ned på 1960-talet og flytta av museumsnemnda i Odda kommune til ei tomt ved Solfonn turisthotell, Seljestad. Seint på hausten 2001 blei stova demontert, flytta ”heim” att og reist på gamal tomt tilknytta det gamle Skjeggedalstunet. I 2005 blei den gamle røykomnen murt opp, ljoren kom på plass, trapp til lemmen, tradisjonelle bord og benkar til ca. 30 personar, enkel innredning med hyller og kjøkenbenk. Det blei brukt enkel linoljemaling på vindauge og ytterdør og ei askeliknande overflatebehandling inne i stova. Dette skjedde i regi av bygg- og anleggsavdelinga ved Kraftmuseet i samarbeid med snekker Ivar Gravdal.
Kraftmuseet er eigar av Skjeggedalstova.
Kvernhuset i Skjeggedal. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Kvernhuset som står bak Skjeggedalsstova er frå 1813. Det viser gardssamfunnet si måte å utnytta vasskrafta på. Slike vasskverner har vore i bruk i Hardanger sidan 1300-talet. Huset og kvernkallen er usedvanleg små. Garden låg langt til fjells med lite og dårleg fjelljord. I bygdeboka frå 1866 står det skrive om garden: "8 mål åker, 54 mål natureng, har noko furetømmer å selja, 1 mils fårleg og tungvint veg til sjøs,jorda er kald og dulugt".
Kvernhuset stod ferdig restaurert i 1997.
Tyssestrengene innst i Ringedalen, der ein kan skimta Trolltunga til høgre i biletet. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Ringedalsfossen og Tyssestrengene (regulert frå 1967)
Tidlegare var turar med båt på Ringedalsvatnet ein turistattraksjon. Lokale guidar førte passasjerar med båt inn til Ringedalsfossen, ein mektig foss med 160 meter fritt fall. Her kunne ein også sjå dei flotte Tyssestrengene i fritt fall. Tyssestrengene var dei tredje største fossefalla i Europa med over 300 meter fritt fall.
Desse fossane er i dag regulerte og i hovudsak tørrlagte. Men i periodar med store mengder nedbør og overløp i magasina, renn det vatn ut i fossane. Det skjer som oftast på haustparten, og i desse periodane kan ein oppleva ein liten smakebit på den attraksjonen som trakk turistar frå heile Europa til Tyssedal og opp til Skjeggedal.
Ringedalsfossen innst i Ringedlasvatnet. Foto: Kraftmuseet arkiv
Tyssestrengene tvillingfoss var ein turistmagnet på slutten av 1800-talet. Foto: Kraftmuseet arkiv
Turistane blei rodde inn til fossane. Foto: Knud Knudsen Kraftmuseet arkiv.
Trolltunga med utsikt over Ringedalsvatnet og Folgefonna. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Trolltunga
Trolltunga er ein av de meist spektakulære fjellformasjonane i Norge. Den ligg 1100 moh, ca. 700 meter over Ringedalsvatnet i Skjeggedal. Folk frå heile verda kjem til Hardanger for å oppleva Trolltunga. Det er absolutt ei oppleving det er verdt å ta den lange turen for. Ta kontakt med Trolltunga Active eller visitHardangerfjord for mer informasjon.
TUREN:
Tid: ca. 8-10 timar t/r.
Lengd: ca. 11 km ein veg, høgdeforskjellen er ca. 900 meter.
Sesong: 15.juni - 15.september.
Det går T-merka sti frå parkeringsplassen i Skjeggedal til Trolltunga. På vegen er det skilt som viser distansen du har gått og kor langt det er att. Turen startar med ei bratt stigning frå parkeringsplassen i Skjeggedal opp til Mågelitopp, eller langs den nye bilvegen. (Mågelibana er ikkje lenger i drift). Stien går vidare flatt innover før ein går på ein ny meir moderat stigning opp Gryteskar. Deretter fortsett turen relativt flatt innover mot Trolltunga med nokre moderate stigningar.
Preikestolen
Aust for Trolltunga finn du Preikestolen, eit platå som også stikk ut ca. 700 meter over Ringedalsvatnet. Preikestolen i Ringedalen er mindre enn den berømte Preikestolen i Lysefjorden i Rogaland. Preikestolen i Skjeggedal hadde dette namnet den gong Preikestolen i Lysefjorden heitte Hyvlatonnå.
Trolltunga via ferrata
Innst i Ringedalen finns ein arbeidsveg som dei tilsette ved AS Tyssefaldenes brukte for å koma seg opp til magasinene på fjellet. I dag kan du klatra ein liknande veg saman med erfarne klatreguider frå Trolltunga Active.