Som lesar har ein momglegheit til å enkelt kommentera dei einskilde foto på Digitaltmuseum. Kommentarane går direkte til museet som forvaltar biletet. Det kan vera at publikum har fleire opplysingar som årstal, namn på personar, eller at biletet rett og slett er feil teksta, det er oppgjeve feil stad m.m. Slike tilbakemeldingar vil vi på musea gjerne ha, slik at vi kan korrigera opplysingane.
AS Tyssefaldene og Kraftmuseet sitt vennelag har ytt midlar til tiltaket. Prosessen før publisering av foto er lang. Kraftmuseet har i mange år digitalisert, sikra og teksta kulturhistoriske foto. No vert samlingane gjort tilgjengeleg for alle, og stadig kjem nye foto til, som gjer at dette ikkje er ein statisk database, men noko som vert kontinuerleg arbeidd med.
Her eit døme på foto som ligg ute på digitalt museum:
Skjermdump frå digitaltmuseum.
Du kan søkje på ord som kan beskrive eit foto. Er det feil i beskrivinga - fototeksten, eller du har tilleggsopplysningar, finn du eit kommentarfelt nedst på sida.
Skjermdump frå digitaltmuseum.