Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Fototenester frå Kraftmuseet

Fotoarkivet i flytteprosess.
Kraftmuseet sitt fotoarkiv er for tida under flytting og ompakking. Derfor kan nokre av våre fototenster vera ute av drift ein periode, medan flytteprosessen foregår. Ta kontakt for meir informasjon.

Kraftmuseet si fotosamling består av mange tusen foto. Ganske mange av dei er tilgjengelige for bruk og er søkbare via Digitalt Museum

Vilkår for bruk

  • Foto på Digitalt Museum kan fritt lastast ned og brukast privat og ikkje-kommersielt
  • Foto i betre oppløysing kan tingast via digitaltmuseum.no eller ved direkte kontakt med Kraftmuseet, sjå prislista under
  • Oppgje namn, epostadresse, fakturaadresse, føremål for bruken og om du ynskjer papirkopi eller digital fil
  • Foto frå Kraftmuseet kan berre nyttast til det oppgjevne føremålet og kan ikkje delast med andre
  • Bruk av foto gjeld ein gang, så sant ikkje anna er avtalt med Kraftmuseet, digitale fotofiler skal slettast etter avtalt bruk.
  • Det skal opplysast om fotograf og eigar Kraftmuseet som fototekst eller i fotoliste, også ved bruk på Internett. Er fotografen ukjend, vert krediteringa: fotograf ukjend /Kraftmuseet
  • Utsnitt av foto og manipulering kan berre gjerast etter avtale med Kraftmuseet
  • Det skal visast varsemd ved bruk av bilete, slik at det ikkje krenker avbilda personer, jfr. Åndsverkslova § 45c
  • Attgjevinga skal vere av slik karakter at det ikkje skader fotografen sitt ry.

Prisliste (inkl.mva)

Kopiar på fotopapir:  
Storleik Pris
14 x 21 cm (A5) kr 200
21 x 29 cm (A4) kr 250
29 x 42 cm (A3) kr 320
32 x 48 cm (A3+) kr 350
Digitale kopiar Pris
Digital fotofil i beste storleik til privat bruk kr 200
Digital fotofil for publisering i media, inkl. Internett kr  500
Forside, same kategori kr 1000
Reklame og utsmykking frå kr 800
 
Leveringstid: Inntil 14 dagar.
Gebyr for manglande kreditering: dobbelt pris. Tillegg for ev postsending.
Kraftmuseet kjem gjerne med fotoforslag til avtalt timepris.
 
Kraftmuseet gir rabatt ved større tingingar og til museum, ideelle organisasjonar, historielag og samarbeidspartar.
 
Har du spørsmål kontakt Kraftmuseet på telefon 53 65 00 50 eller post@kraftmuseet.no

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no