Kyrkja i Røldal er mest kjend for krusifikset som etter sigande hadde heilande krefter.
Røldal var snau for tømmerskog på dei tider kyrkja vart bygd, og hustømmeret fekk røldølene frå andre bygder som Skare i Odda. Ein kan tenkja seg at tømmeret til kyrkja har kome frå same staden, men når ein ser dei store stokkane kyrkja er bygd av, vert det eit problem å forklare korleis transporten var mogeleg. Truleg har tømmeret vakse i dalen, på ein stad som ikkje har lege så altfor langt frå der kyrkja stend i dag. Det er segn som kan tyde på at det verkeleg har vore fureskog i Røldal.
I Stavanger jordebok frå 1620 kan ein lesa at garden Lono i Røldal betalte tiende til kyrkja med to kanner tjøre. Dette syner at det på Lono har vore såpass fureskog ut mot slutten av mellomalderen at dei der kunne brenna tjøre.
Vinteren 1876 låg det speglande blank stålis på Røldalsvatnet og ungdomen nytta høvet til å bruka skeisene sine. Mellom Ekkjavika og Holmane fekk dei auga på nokre svære trestokkar på botnen av vatnet. Gjennom isen kunne dei sjå mange stokkar som låg i kross over einannan. Dei slo hol i isen, fekk samla 100 mann og drog treet opp på isen. Stokken var så tjukk at to vaksne karar så vidt kunne femna han når dei stod til møtes på kvar side. Høgda var omlag seks meter.
Stokkane vitnar om at det i liene omlag ei halv mil frå kyrkja har stade restar av gamal fureskog. Dei siste kjempefurene er venteleg knekte av snøras og førda på vatnet.
Segna fortel at folket i Røldal var usamde om kvar kyrkja skulle byggjast. Dei som budde langs Røldalsvatnet ville ha henne oppsett på garden Århus, ein gard som hadde vore øydegard sidan svartedauden. Dei andre stod stive på sitt krav, at ho skulle setjast på flaten nord for elva. Kyrkjetømmeret vart lagd i lunn på Århussida, noko som meinte å ha avgjort striden. Men om natta før byggjearbeidet skulle ta til, hadde ukjende makter flota tømmeret over til nordsida, og der vart kyrkja bygd.
Røldal stavkjyrkje i 1953. Foto: Kraftmuseet arkiv
Det vart tidleg halde messer for pilegrimar som valfarta til krusifikset i Røldalskyrkja. Av praktiske grunnar vart denne messa lagd til jonsok og kalla jonsokmessa. Etter gamal skikk var jonsokkhelga halden 6. juli, då det var nokonlunde framkomande over fjella. Om det høvde såleis, kunne ferdafolk liggja ute under open himmel. Pilegrimane kom helst i små flokker over fjella. Minne frå desse pilegrimsferdene kan ein finna i namn på kvilestader langs dei gamle vegane. Folk som kom austanfrå har brukt å kvila ved Hustuftene - no Haukelidseter. Namnet Kyrkjeneset har vel opphavet sitt frå eit kapell som skal ha stått der. Når pilegrimane kom til Krosslia ved Frøystøl heldt dei andakt ved krossen som var reist ved vegen. Ved krossen tok dei fram knefjøler og handfjøler som dei festa med band til knea og hendene og krabba fram til kyrkja. Frå Krosslia til kyrkja er det 2 kilometer. På Håra stod og ein slik kross, og likeeins på neset nedfor Hamre. Frå den siste staden gjekk pilegrimane botsgonga si på kne fram til kyrkja, omlag 1,5 kilometer.
Det hende at sjuke, halte og blinde fekk helsa si att ved krusifikset i Røldalskyrkja. Dei som fekk ny helse, la att stavar, krykker og knefjøler. Somme la etter seg utskorne armar og føter som viste kor sjukdomen hadde sete. Etterkvart låg det ein stor haug slike votivgåver i kyrkja. Mange som vitja kyrkja tok med seg av desse votivgåvene for å ha eit minne om ferda. Det som låg att vart seld til Bergens museum i 1894.
Krusifikset i Røldal stavkyrkje. Foto: Kraftmuseet arkiv
Ein av dei som fekk ny helse var Rasmus Midjås frå Mo i Telemark. Han hadde slått seg så hardt i hovudet at han hadde mista høyrsla. Kona og folket hans overtalde han til å reisa til Røldal og freista dei heilande kreftene til krusifikset. Han så gjorde, og fekk smørja seg i øyro med dogg frå krusifikset. Han fekk att høyrsla, og i takksemd for dette kjøpte han ei seksarma ljosekrune av messing og gav henne til kyrkja i Mo - ei stavkyrkje frå 1200-talet som vart revet i 1839. Ljosekruna ber førebokstavane til Rasmus Midjå og kona og årstalet 1766, og følde med til den nye kyrkja.
Kyrkja fekk ein god del gåver og såkalla oblater. Kyrkja åtte fleire gardar i Røldal, ein skoggard i Suldal og ein buskap av kyr. På 1600-1700-talet var mange bygder i Rogaland plaga av ulv, så kyrkjelyden i Hjelmeland sende i 1704 ei oblatøskje av sylv til kyrkja. Dei trudde at med dette skulle dei verta fri ulvane.
Gåver som skulpturar, sylv og gull vart øydelagt eller tekne frå kyrkja under reformasjonen.
I åra 1620-1640 fekk kyrkja nytt inventar. Ny preikestol og altertavle, benker og himling over skipet. Samstundes vart deler av kyrkja rosemåla.
Etter denb store nordiske krigen slutta i 1720 hadde statskassa lite pengar, så danskekongen Fredrik IV selde 620 av dei norske kyrkjene. Mellom desse var også Røldalskyrkja. Ho vart seld til oberstløytnant Krog i Hogganvik saman med kyrkjene i Sauda og Suldal i 1722 for 515 riksdalar . Krog selde Røldalskyrkja att til tre røldøler i 1735 for 190 spesidaler. I 1899 overtok kommunen kyrkja etter takst. Kyrkjeeigarane hadde forsømt å halda henne i stand, og kyrkja var så skrøpeleg at mange i bygda meinte at ho laut rivast ned og ei ny kyrkje byggjast. Det hadde vel enda slik om ikkje sokneprest Brochmann hadde kome til bygda. Han vart utnemnd til prest i Røldal i 1900 og fekk både bygdefolket og kyrkjestyret med på å atterreisa kyrkja i den stil ho hadde i si velmaktstid. Kyrkja var heilt restaurera i 1917-1918.
Altertavle, dåpefont, krusifiks og rosemåling. Foto: Kraftmuseet arkiv
Kjelde: Knut Dalen, Hardanger Historielag, årgang 1955
Klikk her for å lese meir om og sjå foto av Røldal stavkyrkje