Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Prøv eit trylleriks med frukostegget!

Du treng varmt og kaldt vatn, eit hardkokt egg og ei flaske som egget akkurat ikkje går ned i...eller gjer det det?

Vinn eit veddemål i familien og lær dei litt fysikk!  Framgangsmåte og forklaring under bileta.

 

Påskemoro med egg Hardkok egget, og skrell det forsiktig slik at overflata er uskadd. Finn ei flaske med litt for liten tut til at egget går nedi. Er det veldig skarp kant på flaska, så er det lurt å ta litt olje på så ikkje egget rivnar.

 

Påskemoro med egg Varm opp flaska under springen eller ein bolle med varmt vatn.

Når lufta inni flaska blir varm, utvidar ho seg. Det er fordi partiklane i lufta bevegar seg meir, og då treng dei meir plass. Det er det temperatur er, bevegelse i partiklane.

 

 

Påskemoro med egg Sett egget på toppen, og kjøl ned flaska i kaldt vatn. Kva skjer med egget no?

Når lufta blir kald, trekk ho seg saman att. Sidan flaska no er tetta av egget, kjem det ikkje ny luft inn for å fylla tomrommet. Det blir undertrykk, og egget blir trukke inn i flaska!

 

Påskemoro med egg Så no har du ei flaske med eit egg inni. Men korleis får du det ut att?

Du kan varme opp flaska slik at lufta utvidar seg att, men du må halda ho opp ned slik at egget tettar opninga. Elles kan du blåsa hardt inn i flaska slik som dette. Egget fungerer som ein ventil. Du bles lufta forbi egget og inn i flaska, men ho kjem ikkje ut, for då dett egget ned og tettar opninga. No blir det overtrykk i flaska.

 

 

Påskemoro med egg Overtrykket i flaska pressar egget ut att, og du har eit heilt fint (men kanskje litt rart og avlangt) frukostegg!

 

 

 

Alle foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no