Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Påskereir

Lag påskereir av garnrestar dyppa i sukkerlake!

Sukker løyser seg i vatn. Viss du varmar opp vatnet så får det meir energi, og greier å løysa meir av sukkeret. Du treng omlag dobbelt så mykje sukker som vatn i blandinga. Dypp restegarn i løysinga og vikla det rundt ein liten ballong. Når vatnet fordampar er garnet fullt av størkna sukker, og held seg stivt. Punkter og fjern ballongen, klypp eventuelt ei opning, så har du eit fint lite påskereir! Viss det blir kvitt på garnendane der du klypper, så berre fukt dei litt. Pynt med det du vil, til dømes naturmateriale frå søndagsturen!


Påskereir med egg i lagar du sjølv. Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no