Har du prøvd naturleg farging av egg? Lag avkok av matvarer du trur kan laga fin farge, og legg egga i avkoket over natta. Du kan blåsa ut egg, eller farga heile egg som du skal servera til frukost.
Var nokre av fargane overraskande? Eggeskal består av kalk, som gjev basisk løysing i vatn. Dei fleste veit at raudkål er ein indikator som skiftar farge i base. Det er det mange andre planter som er og, til dømes raudlauk. Karri er og ein indikator, men treng litt meir konsentrert base for å skifta.
Eksperimenter gjerne med avkoka du har laga, ved å blanda dei med noko surt, som sitron eller eddik, eller noko basisk, som natron eller salmiakk. (NB: Ein vaksen må vera med viss de skal bruka konsentrerte vaskemiddel, det er farleg å få basiske løysingar på augene).
Mønster kan du til dømes laga ved å teipa, surra tråd eller strikk rundt egget, teikna på det med stearin, eller legga blad, fjør og liknande tett inntil med ei nylonstrømpe rundt, før du legg det i fargevatnet.
Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet