Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Karbid - kalsiumkarbid

Kva er eigentleg karbid/kalsiumkarbid?

I hovudsak er kalsiumkarbid eit kunstig produsert stoff som ikkje finnst i naturen. Det løyser seg fullstendig opp etter å ha vore utsett for fukt frå lufta i eit par veker. Kjemisk sett er karbid ei blanding av ein del kalsiumoxid (brent kalk) - Ca- og to delar kolstoff (koks)- C - bindinga ser då slik ut: CaC

Kalsiumoxid (brent kalk) oppstår når kalsiumkarbonat CaCO(kalkstein) blir varma opp over lengre tid ved 900-1300°C. Dette skjer i store sjaktforma kalkomnar.

Kalkstein finnst i naturen, og blir henta ut med bergverksdrift frå gruver.

 

Produksjonen

For å produsera kalsiumkarbid treng ein brent kalk og koks. Skal du få desse kjemiske stoffa til å binda seg og danna karbid, er det ikkje nok å berre blanda dei saman. Denne kjemiske reaksjonen fungerer berre i ein elektrisk omn og med enorme mengder elektrisitet.

For å produsera eitt tonn kalsiumkarbid må ein ha 950kg brent kalk og 550-650kg koks i ein stor elektrisk lysbogeomn (<60MW). Til smeltinga treng ein omlag 20kg elektrodemateriale og 3100 kWh elektrisk energi. Reaksjonen, eller smeltinga, skjer ved omlag 2000°C.

Vasskrafta frå fossar og vassdrag i Norge gjorde at slik energiintensiv produksjon kunne etablerast her fordi dei fekk tilgang til mykje straum og låge prisar.

 

Fanehjelmsovnar - kalkovnar i Odda   

Fanehjelmsomnane (kalkomnar) ved Odda Smelteverk få 1908 til 1956. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

På 1950-talet kom nye og moderne omnar; Priestomnen til venstre i 1950, dei to Warmestelle kalkomnane i 1956. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Warmestelle kalkovnovn 2004

Kalkomnen Warmestelle brant kalk ved Odda Smelteverk fram til nedlegginga i 2002/03. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

Ovn III eksteriør Ovn III ved Odda Smelteverk var ein av dei største karbidsmelteomnar i verda, med eit forbruk av straum lik ein middels stor norsk by. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet

 

Kalksteinbrudd Skaftå. Kalksteinbrotet i Skaftå. Foto: Kraftmuseet arkiv.

 

Smeltet, rødglødende karbid

Den smelta massen som kjem ut av omnen er kalsiumkarbid. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Karbidblokk, karbidsmelte. Karbidblokk, karbidsmelte frå Odda Smelteverk. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Karbidknuser Odda Smelteverk Karbidknuser ved Odda Smelteverk. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Karbidpakkeriet Odda Smelteverk Karbidpakkeriet på Odda Smelteverk. Foto: Kraftmuseet arkiv.

 

 

Karbid

Kalsiumkarbid

Etter at karbiden er størkna og knust, ser den slik ut: grå og svart, smuldrete men veldig hard, ser ut som stein, lukter kvitløk. Den eksploderer ikkje, og ikkje brenn den heller - om den då ikkje kjem i berøring med vatn - då oppstår gassen acetylen (etyn), som hverken har farge eller lukt. Karbiden eksploderer og gassen brenn til det ikkje er meir igjen av den. Det er altså ikkje lurt å prøve å slokke flammane med vatn, fordi det då berre vil brenne meir. Ein slik brann kan berre slokkast med tørr sand eller pulver.

 

Væskeformig acetylen er meget eksplosiv og kan ikke transporteres. Gassen blir derfor løst i aceton under trykk på spesielle stålflasker. Slik kan acetylen transporteres og brukes på en relativt ufarlig måte. Acetylen brenner i luft med sterkt lysende flamme og har vært brukt til belysningsformål. I spesielle brennere med oksygentilførsel brenner acetylen med en ikke lysende flamme av meget høy temperatur. Denne brukes til skjæring og sveising av jern og andre metaller. Kjelde: Store Norske Leksikon

 

 

Kva skjer når kalsiumkarbid brenn?

Karbid i snø   Karbid i snø brenner

Ei handfull karbid er kasta i snøen.              Fuktigheita i snøen er nok til at acetylengass oppstår,

Karbid i snø små flammer   Karbid i snø større flammer

Det byrjar å brenne.                                                         Det held fram med å brenne.

Karbid i snø store flammer   Karbid brenner vekk snøen

Varmen smeltar meir snø, som igjen gjer at det brenn meir, heilt til det ikkje er meir acetylengass att.

Alle foto: Ludwig Gebauer

 

Cyanamid og dicyandiamid

Kalsiumkarbid kan og omvandlast til kalkkvelstoff som igjen vert brukt som eit grunnstoff i cyanamidkjemien, og til å produsera spesialgjødsel med. Les meir om det her: Cyanamiden

Dicyandiamid vart produsert til plastindustrien hovudsakleg til produktet melamin. Laboratoriet spela her ei viktig rolle.

I jern- og stålindustrien vert kalsiumkarbid brukt som reduksjonsmiddel og til fjerning av ureine stoffer som svovel i jernet. 

 

Ljos i gruvene og muldvarp

Lykter med kalsiumkarbid vart bruka i gruvene i England i forrige århundre, og dei vert framleis bruka av mange huleforskarar, som føretrekk denne belysninga framføre elektriske lykter.

Kalsiumkarbid har vore nytta til å fordrive muldvarpar frå jorda. Dette er no forbode i dei fleste land, då muldvarpen er freda.

Karbidlampe på hjelm

Karbidlampe på hjelm. Foto: Wikipedia

 

Karbidlampe

Karbidlykt. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Materialprøve karbid frå Odda Smelteverk. Materialprøve av kalsiumkarbid frå Odda Smelteverk. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

 

Kjelde: Erik Leger, www.colag.de/karbid.html - erlaubte Weiternutzung - tillatelse til oversatt benyttelse -
used with permission.
 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no