Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Arbeidarboligar på Nyland

Rekka med små trehus oppover langs Røldalsvegen har stått i hundre år. Alby United Carbide Factory Ltd eller "Karbiden" bygde her.

Medan Cyanamid-fabrikken bygde hus for sine fagfolk og nøkkelpersonar på Bakke i 1907, bygde Karbidfabrikken tilsvarande "småboligar" oppover langs elva og "postvegen". Dette var ein slag typehus, same type finn vi på Bakke i Odda og på andre industristader. Husa har trekk av jugend-stil, men er enklare i detaljene enn "typiske" jugendhus og vi kjenner ikkje namnet på ein bestemt arkitekt..

Husa hadde høg standard etter den tids målestokk.  Alle hadde uthus og store tomter med plass til kjøkkenhagar for matauk. Ingen av bustadane hadde innlagt straum dei første åra. Husa blei tatt i bruk før kraftanlegget og kraftlinja til Odda var heilt ferdig, og leveringsnett til bustadområda kom ikkje før i 1913-14.  Alt skjedde fort då det nye Odda skulle byggjast, men alt var ikkje på plass med ein gong.

Området på Nyland låg utanfor grensene for bygningskommunen og den nye byplanen som blei vedteken i 1907. Men alt i 1908 blei "Odda-byen" utvida og området tatt inn i gjeldande reguleringsplan.

I løpet av dei hundre åra som er gått er mange av husa bygde om. Mellom anna fekk dei fleste tidleg vindauger på langsida i 2. etasje ved at taket blei ombygd. Det var opprinneleg fire leilegheiter med 1 rom og kjøkken i kvart hus. Seinare blei dei ombygd til to husvere i kvart.

Biletet finn du og på digitalt museum

 

Arbeidarboligar på Nyland 1906-08

Her ser vi to av dei første arbeidarboligane på Nyland. Hjøllo i bakgrunnen. Foto:NVIM arkiv

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Odda si industrihistorie

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no