Vedtekter
Kraftmuseets Venner
§ 1. Formål
Kraftmuseets Venner er ein støtteorganisasjon for stiftinga Kraftmuseet (Norsk Vasskraft-og Industristadmuseum - NVIM).
§ 2. Medlemskap
For Kraftmuseets Venner sine medlemer gjeld følgande kategoriar :
1. Bedrifter
2. Foreiningar, avdelingar og grupper
3. Familiar
4. Einskildpersonar
Kontingentsatsen for kvar kategori vert fastsett av årsmøtet i Kraftmuseets Venner, etter framlegg frå vennelaget sitt styre.
§ 3. Styret skal ha leiar og fire styremedlemer og fire varamedlemer.
Direktøren for Kraftmuseet, eller den som direktøren oppnemner som vara for seg, har møte-, tale- og forslagsrett i styret, men ikkje stemmerett.
Vedkomande er referent for styret.
Styremedlemene og varamedlemene vert valde for 2 år.
Årsmøtet vel ein av styremedlemene til leiar for 2 år.
§ 4. Årsmøte
Årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av mai. Årsmøtet vert kunngjort minst 3 veker før møtet, og innkalling med sakliste blir kunngjort i lokalavisa minst 8 dagar før årsmøtet.
Årsmøtet skal leiast av ein vald dirigent.
Årsmøtet skal
· godkjenne årsmelding og revidert rekneskap
· fastsetje kontingent for dei ulike medlemskategoriane
· godkjenne budsjett
· velje styremedlemer og varamedlemer i samsvar med § 3 i desse vedtektene
· velje leiar, når leiaren er på val
· velje 1 medlem med varamedlem til styret for Kraftmuseet, i samsvar med § 8 i vedtektene for stiftinga Kraftmuseet (NVIM). Valet gjeld for 2 år, og slik at valet vert gjort på årsmøtet i eit oddetalsår og gjeld i 2 år frå 01.01. i det påfyljande partalsåret
· velje valnemnd etter framlegg frå styret
· handsame andre saker som det er kome framlegg om innan den fristen som er fastsett
· tildele økonomisk stønad til prosjekt som gjeld Kraftmuseet når det er økonomisk rom for det
På årsmøtet skal det gjevast informasjon om drifta av Kraftmuseet.
Alle som har vore medlem før siste årsskifte, har røysterett.
Saker som ein ynskjer å ta opp på årsmøtet, må styret ha seinast 14 dagar før årsmøtet.
§ 5. Stemmeavgjerd
Årsmøtet avgjer alle saker utanom vedtektsendring, med vanleg fleirtal.
Vedtektsendring krev 2/3 fleirtal.
§ 6. Oppløysing av Kraftmuseets Venner
Oppløysing av Kraftmuseets Venner kan berre skje på lovleg innkalla årsmøte.
Oppløysing kan berre skje ved ¾ fleirtal. Ved oppløysing går laget sin kapital
og eigendeler til stiftinga Kraftmuseet (Norsk Vasskraft-og Industristadmuseum).
Desse vedtektene vart samrøystes vedtekne på årsmøtet 12.04.08.