Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Juleverkstaden 2016

Dette året var det rundt 100 betalande born inne på verkstaden. Museumslaget er svært nøgd med besøket!

Det går livleg føre seg inne i museet sine hus i Folgefonngata denne laurdagen i desember. Arrangementet er ein tradisjon, i 25 år har Museumslaget saman med NVIM, tatt på seg arbeidet med å gi generasjonar med Oddingar dette tilbodet før jul.

 

Og dei som var born då det heile starta, kjem no med sine born og er med på å halde tradisjonen i gong. 

 

Samstundes er dei som hjelper til med aktivitetane og blitt ein generasjon eldre, og treng snart hjelp frå yngre krefter. Ein vonar at det skal finnast unge folk i Odda og regionen som kan tenkast å overta dette frivillige arbeidet. Er du glad i handarbeid eller snekring, og samstundes trivst med å arbeida med born, er dette kanskje noko for deg? 

 

Det er ei god kjensle sånn rett før jul å sjå dei stolte små som har klart å snekra ein krakk eller laga dompapp til julatre.

 

Har du eit lag eller vil du gjera ein innsats saman med oss i Museumslaget, er du hjarteleg velkomen! Ta kontakt med anne@nvim for meir informasjon. Kanskje du var med som born ein gong i tida - og finn bilete av deg her:

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no