Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Juleverkstad 2020 og 2021

Kraftmuseets Venner er glade for at vi, saman med Kraftmuseet, kan by på ein digital versjon av juleverkstaden i år også!

Solfrid, Solveig og Gjertrud lagar ferdig materialpakkane til juleverkstaden 2020. Foto: Anne Gravdal, Kraftmuseet

 

2020 var året då verda vart snudd på hovudet. Også den tradisjonelle juleverkstaden måtte avlysast, for aller første gong. Då idéen kom frå Kraftmuseet om å prøve å lage til ein digital versjon, stilte dei kjekke damene og snekkarane opp med ein gong. 

Kraftmuseet filma damene i venelaget medan dei viser korleis den flotte julepynten vert laga. Snekkerverkstaden viser korleis du kan lage skjerebrett, materiale finn du sjølv.

Materialpakkar som inneheld materiale til dompapp, engel, konglekjerring, filthjarte og ein liten glad engel. I dei 25 første pakkane er der også noko frå snekkeravdelinga. Berre kr. 50,- per pakke!

Dess kan du få kjøpt på Lindeplassen i førjulstida, nærare dato blir annonsert på SoMe snarast.

 

Begrensa antal pakkar,

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Digital juleverkstad 2020 - Bjørn og Vidar i snikkarbua from Kraftmuseet on Vimeo.

Alle filmane er laga av Dag Endre Opedal, Kraftmuseet

 

 

Den glade engelen lagar du slik:

Tre ein hyssing lagt dobbel gjennom holet i trekula.

 

Knyt ein knute litt nedanfor løkka. Dei to nedste delane knyter du til føter.

 

Legg kropp og armar på kjolen

 

Snu og lim framsida av kjolen saman med baksida, med kropp og armar mellom. 

Teikne auger og munn med svart tusj.

 

Englevingene limer du fast på baksida.

 

Glad engel  

Engelen lagar du av hyssing, trekule, filtkjole og englevinger.

 

Når han er ferdig ser han omtrent slik ut.

 

Frå snekkerbua

 

I nokre av materialpakkane ligg materiale til eit Tripp-trapp-tresko spel. Slik lagar du det:

 

Puss sidene av brettet med sandpapir, slik at dei blir fine og får rundare kantar.

 

Plastknappane som heng på brettet tar du av og limer dei i kvar sitt hjørne på undersida.

 

No kan du male spelebrikkene slik du vil, så lenge tre av dei er forskjellege frå dei andre tre.

 

Med linjal og tusj strekar du opp ruter på spelebrettet.

 

No kan du spela tripp-trapp-tresko!

Her finn du reglane: Tripp-trapp-tresko eller bondesjakk

 

 

 

 

.

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no