Etter at industriperioden starta i 1906, og særleg etter at smelteverket utvida omkring 1912 vaks Odda-byen ytterlegare. Det blei og stor etterspurnad etter forretningslokale. Forretningsmannen Sverre Bredal som kom frå ein handelsfamilie i Bergen og byggmeister Knut Svåsand frå Odda gjekk saman og bygde Vinkelgården i 1913.
Vinkelgården - vinkelhuset eller Bækkenhuset i 2015. Det bymessige huset er bygd i 1913 og ikkje i middelalderen, men det har likevel føyd seg etter svingen i gata. Foto: Anne Gravdal, Kraftmuseet
Jugend og mansard
I første etasje har det alltid vore butikklokale med store vindauger mot gata. Andre etasje hadde opprinneleg leilegheiter og var bruka som bustad til opp mot 1980-talet. Huset og vindaugene (nye kopietterlikningar) har tydelege trekk av jugend. Taket har broten mansardform, som på kontorbygga ved smelteverksporten og på Handelshuset lenger oppe i gata.
Vinkelgården - Bækkenhuset etter bombinga av Odda sentrum i 1940. Foto: Bjarne Eidnes Kraftmuseet arkiv
Forretningsmannen Sverre Bredal
Sverre Bredal dreiv agentur- og skipsekspedisjonsfirma fram til han døydde i 1919. Du kan lesa litt meir om Bredal og arkivet etter han her: Svenskesnus i ei rallartid
Forretningskvinner
Anna Haugen var kjend som ei drivande forretningskvinne då Odda var under oppbygging. Ho dreiv konfeksjonsbutikk her frå 1914 til 1927. Etter det overtok firmaet A/S Bækken & Co, også det ein klesbutikk. Bækkenbutikken var i drift i omlag 50 år, så det er ikkje rart at huset lenge blei heitande Bækkenhuset på folkemunne. Og framleis er det klesbutikkar i dette huset.
Anna Haugen saman med tilsette foran butikken i Bækkenhuset. Foto: Kraftmuseet arkiv
Tannlege Fredrik Wexel starta tannlegekontor i bygget i 1914. På 1990-talet heldt Femina frisørsalong til i 2. etasje i nr 23 der det før hadde vore bustad. Olav Lothe var lenge eigar av bygget, og seinare Brita Lothe Melstveit.