Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Smelteverksporten

Utan smelteverket, ingen by. I alle fall ingen småby som utvikla seg raskt frå 1906 og framover. Bergensarkitekten Sigurd Lunde er representert her.

Porten inn til smelteverket var lukka for folk flest så lenge det var produksjon på verket. Her måtte alle arbeidarane passera og «stempla inn» før dei gjekk inn på fabrikken. Og her strøymde dei ut att når arbeidstida var over. Det var folk på arbeid både natt og dag og folk og bilar passerte ut og inn. - Pulsen i Odda sentrum blei ikkje den same etter at Odda Smelteverk AS stoppa for godt tidleg i mars 2003.

 

Smelteverksporten 1915-21 Smelteverksporten markerte kontaktpunktet mellom byen og verket, mellom arbeidet og fritida. Her frå 1915 -1921. Foto: Kraftmuseet Arkiv

 

Bygningane

Smelteverksporten består av to kontorbygg, eit portvaktbygg og sjølve porten. Dei to markerte kontorbygga «Hovedkontoret» og «Tegnekontoret» blei bygde ved oppstarten av fabrikkanlegget hausten 1906. Det første portvaktbygget var i same stil, men blei rive på 1960-talet. I mange år var det bustadar i 2. etasje. På grunn av bustadmangel har familiar også budd på loftet i «tegnekontoret» i periodar. I kjellarane er det hvelv for oppbevaring av arkivsaker.

 

Portbyggene på Smelteverket 1910-11

Portbygga i 1910-11. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Arkitektonisk stil

Kontorbygningane er i jugendstil. Legg mellom anna merke til vindauga. Står du på nært hald, ser du dekorasjon som er skoren inn på ein del av vindaugslistene. Vindauga er etterlikningar av dei opprinnelege. Formen på taket kallast broten mansard; først går det svært bratt opp og så har det ein meir «normal» takvinkel. På den måten blir det stor bruksflate i 2. etasje sjølv om det ikkje er eit to-etasjes bygg. Då bygget var nytt hadde taket pannestein, seinare har det fått lappskifer. Aller først var bygningane og listene heilt lyse. Seinare har dei hatt ulike fargar, delvis med kontrastfargar.

 

Portbyggene på Odda Smelteverk

Portbygga slik dei ser ut i dag (biletet er frå 2015). Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

 

Dei karakteristiske bygningane er teikna av bergensarkitekten Sigurd Lunde som og er kjend for å ha teikna mange jugendbygg i Ålesund og kjende villabygg i Bergen. Industrien var ein markert byggherre i Odda og engasjerte dei mest kjende arkitektane. Jens Zetlitz Kielland som hadde teikna Gamlehaugen for Christian Michelsen i Bergen, teikna i 1906 direktør Peterssons villa (seinare kalla Brucevillaen) for Oddafabrikkane.

 

Portvaktbygget i 2007 Portvaktbygget i 2007. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

Portbygg, portalbygg og portvaktbygg

Etter konkursen har bygningane ofte blitt omtala som portbygg sør og nord, eller portalbygningane.

Portvaktbygget og sjølve porten ligg bakanfor. Portvaktbygget som står no, blei bygd i 1965 og utvida i 1972. Det er teikna av Arkitektane Sekse og Mannsåker, Odda.

 

Brita Jordal

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no