Kyrkja har vore eit tyngdepunkt og avgjerande for kvar vegane i Odda har gått sidan 1200-talet. På Almerket eller Almenningen der kyrkja låg, hadde alle lov å gå i land. Almannavegen gjennom Odda-dalen førte difor til eller frå kyrkja og sjøen og hadde fri ferdsel for alle.
Røldalsvegen frå Almerket opp Nylandsflaten mot Eide. Biletet er frå rundt 1870 då den nye kyrkja var bygd. Foto: Kraftmuseet arkiv
Røldal-Haukelivegen
Frå 1876 var det på sommarstid opna samanhengande køyreveg for hest og kjerre frå Almerket i Odda til Røldal. Derifrå kom det veg gjennom Bratlandsdalen frå Nesflaten og Sand. Tretten år seinare, i 1889, var vegen ferdig frå Røldal over Haukelifjellet. Gata og vegen gjennom Odda sentrum har difor også hatt namnet Røldal-Haukelivegen ein periode. No heiter gata Røldalsvegen heilt opp til Vasstun bru, ca 2 kilometer lenger sør.
Souvenir-handel
Då Odda utvikla seg som tettstad og turistmål, kom dei største hotella og dei første souvenir- og turistbutikkane langs postvegen. Ola O. Hagens bokhandel er det eldste huset som står langs gata. Bokhandlar Hagen gav seg i 2014 og i huset er der no ein annan butikk. Nokre av dei andre bygningane er også sentrale i byhistoria for Odda og vil bli omtala som kulturminne kvar for seg.
Bokhandlar Ola O. Hagen i Røldalsvegen i 1908. Foto: Kraftmuseet arkiv
By og land møttest i Røldalsvegen
Røldalsvegen gjennom sentrum har også vore bruka som buføringsveg. Fleire av gardane utover langs Sørfjorden hadde og har stølsrettar på Seljestadfjellet og i Reinsnos. Andre leigde beite på stølane i Røldal og Valldalen. Dei kom med buskapen i båt til Almerket og gjekk eller «drifta» til eller frå fjellet gjennom Røldalsvegen til langt opp på 1940-talet. Då kyrne kom forbi dei store vindaugene i butikkane, såg dei undrande inn på speglbiletet sitt, og butikkpersonalet var ofte redde for å få vindaugenen stanga inn.
Vegen gjekk fram til kyrkja
Fram til Røldalsvegen blei regulert som gågate rundt 1980, var denne gata riksvegen eller hovudvegen gjennom Odda. Tyssedalsvegen kryssa Røldalsvegen som gjekk forbi det store trebygget etter Hotel Hardanger og fram til Almerket nord for kyrkja. Då det store hotellbygget eller «gamle rådhuset» blei rive i 1976 og «Almerkeparken» kom på tomta, vart denne vegaksen nesten borte, men gangvegen gjennom parken fører Røldalsvegen fram til kyrkja.
"Det glade hjørna" - firkanten. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet
"Glade hjørna", Gågata og Firkanten
Den mest hektiske og kjende staden i Røldalsvegen var lenge i krysset med Tyssedalsvegen. Mange ungkarar og ungdomar samlast her og staden blei kalla «Det glade hjørna» eller berre «Glade hjørna».
Grunnen til at det på folkemunne vart kalla "Det glade hjørna", var at dette var ein fast samlingsplass der folk stod og skravla og skratta til langt på natt. Odda Kredittbank som låg på det austlege hjørna måtte halda ope for kundane då dampbåten kom, anten det var middag eller midnatt.
Då Tyssedalsvegen vart opna, blei krysset ved bankhjørna døypt om til "det farlege hjørna", då bilar kom susande ned Røldals-vegen og ofta kolliderte med bilar som kom frå Tyssedal.
Gågata startar her i dag, og dette er «tyngdepunktet» for handlegata i Odda. Namnet «Hjørna» er til ein viss grad framleis i bruk, men yngre oddingar sitt møtepunkt er «Firkanten» som er kallenamnet på det oppmurte blomebedet utanfor Eurosko og Espelandsbygget (Sportsbutikken).
"Det Glade Hjørna" i 1913. Foto: Kraftmuseet arkiv
Røldalsvegen - i dag gågata i Odda - på 1920-talet. Foto: Kraftmuseet arkiv
Gågata på 1980-90 talet. Foto: Jan Gravdal Kraftmuseet arkiv
Gågata i 2015 - sett frå sør. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet