Overgangen til tettbygd område kom alt i 1890-åra eller noko tidlegare, og gardstunet blei liggjande midt i gatemiljøet etter kvart.
Huset er bygd i typisk sveitserstil og har plass for butikklokale i underetasjen og fleire leilegheiter i dei øvre etasjane. I 1907 var industriutbygginga i gang for fullt, og det var stor etterspørsel etter alle typar lokale. Reguleringsplanen for Odda var og ferdig på same tid.
Lars O. Bustetun var byggherre i 1907. Han var ”både ein hortig og handfast kar som visste kva han ville. Han let seg heller ikkje riva så lett med som grannane då industrien var ute etter tomter i Odda, men heldt på sitt i det lengste”, skriv Olav Kolltveit i bygdeboka. Men tomtesal gav pengar til husbygging og investeringar.
I det kommunale arkivet og protokollen etter Bygningsstyret for Odda bygningskommune kan vi lesa at i 1908 sende Lars O. Bustetun ”andragende” om ”at få påsætte altaner på nordsiden av hans hus i 1ste og 2den etage hvor sådanne er tiltænkte og hvor døre er anbragte i ytterveggen.” Han fekk ikkje grønt lys etter første sakshandsaming, saka måtte vidare til rette instans, men altanane kom opp og står der enno.
Kremarvegen i byrjinga av 1900-talet. Foto: Kraftmuseet arkiv
Anne Grete og Morten Eikeland eigde og restaurerte huset. Under renoveringsarbeidet fann dei denne innskrifta på ein bjelke: Byggmeister Andreas Raaen, Utne. 1907. Øiestad eiger huset i dag (2015).
Dette velhaldne sveitserhuset er bygd i 1907. Foto: Dag Endre Opedal Kraftmuseet
Kjelder for meir informasjon om Kremargarden, Torget og Strandpromenaden
Olav Kolltveit: Kremar- og gjestgivargarden Bustetun. I Hardanger, Hardanger Historielag, 1951. s. 403-419.