Huset blei lenge heitande Kjøttbasaren, akkurat som i Bergen. Det var fleire spesialbutikkar her, kvar med si inngangsdør frå gata, men om det var slik frå starten er litt usikkert. I andre etasje låg Kaffistova, ein populær kafé og møteplass gjennom mange år.
Kjøttbasaren i Odda som hadde Kaffistove i andre etasje. Foto: Dag Endre Opedal, Kraftmuseet
Arkitektur
Huset har opprinneleg ein stram og vakker arkitektonisk stil med detaljer inspirert av nyklassisisme eller 20-tallsklassisisme. Men etter ombyggingar, fjerning av dørar og oppsett av markiser, må vi leita litt for å sjå linjene i bygget. Legg merke til detaljer i hjørnelister og døromramming, markeringa av skillet melom sokkel- og førsteetasje og dekorasjon som har stått over ei av dei tidlegare inngangsdørane.
Taket er valma og lite dominerande, men takutspringet stikk langt fram og gjev huset tyngde.
På byrjinga av 1900-talet var hesteskyssen framleis populær. Kjøttbasaren i bakkant, mellom Hardanger Hotel og Torget 2-4. Foto: Kraftmuseet arkiv
Originalteikningane til bygget finns i Landmarkarkivet i Bergen byarkiv. Arkivet viser at Landmark også har teikna privathuset for Sverre Bredal på Tokheim, betre kjent som «Ravn-huset» eller Eitrheimsvegen 139.
Du kan sjå ein artikkel av Eva Røyrane om du klikker på biletet.