Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Handelshuset - Røldalsvegen 31

Handelshuset, det store huset øvst i Gågata i Odda, kan virka mørkt og tungt ved første augekast. Arkitekt er Olaf Jahnsen og huset rommar mykje levande Oddahistorie.

Brørne Christian og Hartvig Gulbrandsen kom til Odda som elektrikarar. Etter kort tid på smelteverket eller Odda-fabrikkane, kjøpte dei eigedomen her midt i det beste forretningsstroket i Odda og etablerte firmaet Brødrene Gulbrandsen. Dei bygde den store murgarden Handelshuset i 1914-15, året etter at Odda Lysverk var etablert og samstundes med at alle privathus i sentrum skulle ha straum og lys innlagt.

Dei bygde opp ein allsidig og blomstrande forretning innan elektrisk montering og detaljhandel og dei dreiv annan næring.

 

Handelshuset 2015 Handelshuset i 2015, med ny dør og vindauger i den sørlege fasaden. Knud Knudsen sitt bilete av Odda pryder øvre del av veggen. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet

 

 

Arkitektonisk stil

Huset har tre etasjar pluss ein full etasje og loft under det høge mansard-taket. Stilen på huset er tydeleg jugendprega. Også her kan du leggja merke til forma på vindaugene med dei småruta felta oppe. I tillegg er det dekorasjonsfelt støypt inn i muren i fasaden. Dei svungne og nette formene i fasaden og dekoren er typiske for jugendstilen.

Bergensarkitekten Olaf Jahnsen teikna Handelshuset. Han teikna også Folkets Hus i Odda som var innvia året etter Handelshuset, men rive i 1971. Folkets Hus låg der Domusbygget er no, på hjørnet mot Murboligen.

 

Handelshuset i Odda sentrum

Handelshuset i Odda frå 1914. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Frøken Nilsen foran butikk og vaskeri i Handelshuset ca. 1914 Frøken Nilsen foran butikken Odda Cigarimport i handelshuset ca. 1914. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Frå Edelsten-huset til Knausen

Då firmaet "Brødrene Gulbrandsen" kjøpte eigedomen, sto det eit vakkert og forholdsvis nytt trehus i sveitserstil på eigedomen. Her hadde fru von der Fehr Edelsten drive fotografisk forretning i turisttida. Brødrene Guldbrandsen reiv dette huset og bruka materialen til privatbustad på «Knausen». Då det blei sett opp igjen, fekk det heilt ny utforming med to etasjar, mansardtak og store jugend-vindauger.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no