Framleis heiter hovudgatene i Odda sentrum Røldalsvegen, Kremarvegen og Eitrheimsvegen. Dette var først grusvegar som sidan har blitt asfalterte gater. Vegane var lagt før reguleringsplanen blei utarbeidd i 1907, og planen bygde vidare på desse samferdselsårene. Folgefonngata derimot er bygd ut i tråd med planen og er den andre gata som blei bygd ut i sentrum.
Dr Boyds gate
Folgefonngata går frå Kremarvegen til ho stoppar ved Opheimsgata. Gata heitte først Dr. Boyds gate, og var oppkalt etter engelskmannen Dr. Henry Boyd som i ein førtiårsperiode hadde besøkt Odda kvar sommar for å fiska laks. Han hadde gjeve Odda pengegåver og hadde sitt eige hus ved Hotel Hardanger.
Dr. Henry Boyd i huset sitt i Odda. Foto: Odda Mållag sine bøker "Odda i manns minne"
Oversikt over Odda sentrum med murboligen, barneskulen, arbeiderboligane, ungdomshallen og Folkets Hus m.a. Foto: Kraftmuseet arkiv
Langs Folgefonngata ligg i dag bygningar for handel, offentlege tenester, bustadar og skule. Du finn Politihuset, Domusbygget, bustadblokka «Murboligen» og små arbeidarbustadar. Desse små trehusa er mellom dei eldste i Odda og tre av dei er blitt museum, «Industristadmuseet i Odda», ei avdeling av Kraftmuseet.
Museumshusa i Folgefonngata slik dei ser ut i dag. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet
Husa den gong dei var nybygde i 1908. Foto: Kraftmuseet arkiv
Husa på Bakke i 1915. Foto: Kraftmuseet arkiv
Fram til 1906 dreiv garden Bakke tradisjonelt jordbruk på bøane der Folgefonngata blei lagt. Gardstunet låg omlag der som «gården» til Murboligen er, men husa blei rivne eller flytta alt i 1907. På garden var det også planta ein frukthage og den ser vi truleg spor av i hagen til Folgefonngata 9. Dei store epletrea der er riktig gamle. I boka Dei finaste band - vår historie om Odda kan du lesa meir.
På deler av området der skuleplassen ligg no, dreiv familien Breistein lenge gartneri. Og på hjørnet Skulegata - Folgefonngata der det no er ein open plass, sto Ohmshuset eller Folgefonngata 14. Ohmshuset eller Ohmsgården var bygd omkring 1960 og var karakteristisk for si tid. Det blei rive i 2004 for å gje plass til utvidingar av skulen.
Gartneriet til fam. Breistein på Bakke i 1926. Foto: Kraftmuseet arkiv
Ohmgården før rivinga i 2004. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet
Folkets hus
Frå 1914 til 1971 sto det stolte jugendbygget Folkets Hus på deler av tomta der Domusbygget er i dag. Folkets hus i Odda var teikna av arkitekt Olaf Jahnsen, Bergen, som også teikna Handelshuset i Odda.
Folkets Hus sett frå sørvest i 1919. Foto: Kraftmuseet arkiv
Folkets Hus sett frå aust i 1920. Foto: Kraftmuseet arkiv