Gata som går frå Røldalsvegen (Gågata) og vestover til Opheimsgata, er den aller første gata som blei påbyrja i tråd med byplanen frå 1907. Første gatestubben var berre mellom «postvegen» eller Røldalsvegen og Kremarvegen og gata fekk namnet Nygata. Seinare blei gata forlenga i tråd med planen og fekk namnet Bakkegata, eit namn som tar vare på eit av dei gamle gardsnamna og stadnamna i Odda.
Bakkegata i 2015. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet
Bakar og brannmann
I 1907 fekk Odda sin første brannsjef, og det var Hans Brekke. Han flytta til Odda saman med broren Olav som var bakar, og saman bygde dei nytt hus midt i sentrum. Hans var ikkje berre brannsjef. Han starta kolonial eller matbutikk i første etasje. Og i underetasjen starta Olav opp med bakeri.
Alt i 1911 overtok Hans Kjellevold kolonialbutikken, medan Olav Brekke dreiv som bakar i mange år. Og etter bakar Brekke, dreiv bakar Rosseland bakeri- og konditori her. Seinare har det vore ulike typar service-tilbod i bygget.
Bakeri og konditori Rosseland under baldakinen på Brekkehuset. Foto: Jan Gravdal Kraftmuseet arkiv.
Brekkehuset etter bombinga av Odda sentrum i 1940. Foto: Kraftmuseet arkiv
Ombyggingar
Har du lagt merke til at huset har eit lite tårn og veranda med gammalt rekkverk i 2. etasje? Opprinneleg såg ikkje huset slik ut, men det blei tidleg bygd på med ein etasje og heilt ny hjørneløysing. Bygget på det andre hjørnet i kavrtalet mot Kremarvegen har forresten eit mykje meir forseggjort hjørnetårn. Ta ein avstikkar og ein kikk på det!
I nokre år på 1970-80-talet, var her Manstyle klesbutikk for menn. Då blei fasaden på huset bygd om og den opprinnelege stilen blei nokså forandra. Huset fekk ei dominerande baldakin som er praktisk å setja varer under når det er regn. Men det gode arkitektoniske særpreget blir heilt forandra av denne.
Brekkehuset i 2015. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet
I tilfelle brann
I gågata utanfor Brekkehuset står framleis ein av dei første brannhydrantane frå 1908. Slike var det mange av oppover Røldalsvegen og rundt om i sentrum og no er det kun to som står igjen. Det passar bra med eit slikt kulturminne utanfor huset til den første brannsjefen.