Plantene treng vatn, saman med karbondioksid frå lufta, til fotosyntesa. Vatnet er òg med å halda blomane oppreist, dei har jo ikkje skjelett som oss. Inne i kvar plantecelle er det ein "vassballong", ein vakuole, som pressar mot celleveggane og stivar opp planta. Minkar trykket i vakuolane så byrjar blomen raskt å henga med hovudet.
Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet
Foto