Sansecellene på tunga kan berre kjenna att nokre enkle grunnsmakar; salt, søtt, surt, bittert og den litt mystiske umamismaken. Luktesansen i nasa gjer opplevinga rikare.
Prøv å smaka på nokre matvarer og krydder de har i heimen. Kanskje de kan laga middag saman, og eksperimentera litt med kva som passar saman? God smak handlar om balanse, og ofte vel så mykje om lukt.
Salt søtt og surt er smakar dei fleste kjenner godt til. Mange trur at surt og søtt er motsett, men det er det ikkje, kjemisk sett. Men smakane kan balansera kvarandre i mat. Prøv gjerne å blanda og kjenn korleis det endrar smaksopplevinga!
Bittert er kanskje ikkje ein smak born veit kva er. Bitre smakar må ein gjerne venna seg litt til før ein likar. Smak på litt kaffi pulver, til dømes. Dei fleste barn likar ikkje så godt smaken av kaffi, øl eller veldig mørk sjokolade. Mange vaksne likar heller ikkje kaffi, men mjølk og sukker kan dempa den bitre smaken og gjera han rundare.
Umami er ein smak me ganske nyleg har byrja å finna ut at er ein eigen smak. Den blir beskriven som fyldig eller "kjøttaktig", og er ofte det sausen manglar viss han berre verkar litt kjedeleg. Tørrfisk, parmesanost og buljong, er eksempel på matvarer med mykje umamismak.
Natruimglutamat, eller MSG, er eit salt med umamismak, og er nytta i mange krydderblandingar. Dei inneheld som regel vanleg salt i tillegg, men den andre smaken du kjenner er umami.
Har du merka kor kjedeleg mat smakar når du er tett i nasa? Når luktesansen er vekke, forsvinn mykje av det du trur er smak.
Hald deg for nasa og smak på litt kanel. Smakar det lite? Slepp nasa og kjenn no. Kjenner du forskjellen? Kanelsmaken er eigentleg nesten kun lukt!
Korleis smakar cilli? Dei fleste vil seia sterkt. Det er sikkert ikkje så lurt å knaska i seg ein som eit forsøk, ta isåfall berre pittelitt på tunga, og få det i alle fall ikkje på augene.
Sterkt er ikkje ein smak, eigentleg. Chilli inneheld eit stoff som heiter capsaicin. Det bind seg til sanseceller som vanlegvis oppfattar temperatur. På engelsk kallar dei sterk mat for hot, og det er jo ikkje så rart. Det kjennes som det brenn i munnen, og me kan byrja å sveitta.
Det er naturleg å villa drikka kaldt vatn når det brenn i munnen. Det er ikkje så lett å vaska det vekk med vatn, for det er ikkje særleg vassløyseleg. Prøv olje i staden, eller mjølk. Har du putta for mykje chilli i suppa, er eit mjølkeprodukt tingen å dempa det med.
Fun fact: Visste du at fjørkre ikkje har reseptorar som oppfattar capsaicin? Du kan derfor trygt gje hønsene dine sterk mat, det glir rett ned!