Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Muskelsansen

Ja, trudde du me berre hadde fem sansar? I dag skal me sjå på ein av dei litt mindre kjende sansane, den kinestetiske sansen.

Me kan kalla han muskelsansen, det er ein sans inni musklar, senar og ledd som merkar kva stilling kroppsdelane dine er i. Den hjelper oss til å halda styr på armar og bein og bevega dei nøyaktig og samstemt.

Her er nokre øvingar med muskelsansen:

 

KOR ER FINGEREN DIN?

Eit superenkelt forsøk: Stå rett opp og ned, med armane ned. Lukk augene. Før peikefingeren til nasetippen. Traff du? Korleis klarte du det, utan å sjå?

Musklane og ledda dine har sanseceller som merkar kva stilling leddet er i og kor mykje musklane strammar seg. Hjernen din veit godt kor armen og nasa di er, sjølv om du ikkje kan sjå!

Denne er litt vanskelegare: Lukk augene. Før peikefingrane rett mot kvarande framfor deg sånn at dei treff kvarandre. Det er vanskelegast om du ikkje har heilt rette armar. Fekk du det til? Konsentrer deg om å kjenna i musklane kor armane og fingrane dine er. Kjenner du at det er ein sans som fortel deg det?

 

Vi bruker kroppen til å føla Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet

 

 

 

KORLEIS KJENNER DU TYNGDE?

Set ei rekke ting framfor deg og sorter dei frå lettast til tyngst. Viss du har ei kjøkenvekt så kan du sjekka om du hadde rett, elles så kan ein annan i familien sjekka om dei er einige i rekkefølgja di.

Korleis kan du kjenna kor tungt noko er? Muskelen merkar kor mykje han må stramma seg for å halda tingen oppe, og sansecellene i huden din kjenner kor hardt trykket mot huden er.

 

Vi bruker kroppen til å føla Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet

 

 

 

TA EIN DANS!

Du brukar den kinestetiske sansen når du går, hoppar eller dansar. Du kan ikkje sjå på armar og bein heile tida for å vita kvar dei er og bestemma korleis du skal flytta på dei, du må stola på at kroppen veit det.

Set på ein kul song og dans, og kjenn korleis kroppen veit sjølv korleis rørslene skal gå!

 

Vi bruker kroppen til å føla Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no