Inne i det indre øyret sit likevektssansen. Den består av tre bogegangar med væske inni, og masse små hår som merkar rørsler i væska. Bogegangane står vinkelrett på kvarandre, slik at du kan merka rørsle i alle retningar. Saman med muskelsansen hjelper likevektssansen oss til å halda balansen.
Her er nokre øvingar du kan prøva!
Her kan du sjå korleis rørslene inne i likevektsorganet fungerer. Ta eit glas med noko litt tjuktflytande, til dømes matolje. Putt noko oppi som gjer det enklare å sjå rørslene i olja. Her er det brukt grov pepar, men du kan bruka anna krydder eller nokre dropar konditorfarge, det blir fint.
Snurr glaset litt rundt på kjøkenbenken. Når glaset stoppar, så ser du at innhaldet snurrar litt rundt framleis. Sjå for deg at det sit små hår med sanseceller langs veggane på glaset. Når glaset roterer vi dei merka at væska skvulpar forbi.
Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet
BLI SVIMMEL!
Dette er ein veldig god måte å tulla med likevektorganet på: Hald ei hand i bakken eller på noko lavt, og spring rundt og rundt ei lita stund. Så kan du prøva å gå rett fram. Ikkje gjer dette på kanten av eit stup eller andre plassar du kan skada deg, for det er ganske vanskeleg!
Det som skjedde no, var at væska inne i likevektsorganet skulpa i alle retningar, og hjernen greidde ikkje å halda styr på kva stilling hovudet ditt var i lenger. Då blir du svimmel!
Legg deg ned etterpå. Ser du at det går rundt og rundt? Det skvulpar framleis litt inne i likevektsorganet etter at du har stoppa, så hjernen trur du framleis snurrar. Kanskje kjenner du deg uvel. Når likevektssansen seier at du snurrar og synssansen seier at du står i ro, så blir hjernen heilt forvirra. Det er ganske ubehageleg, og me kan bli kvalme til slutt.
Når du sit i ein bil, er det lurt å sjå på vegen framfor seg for å unngå å bli bilsjuk. Då ser du svingane som kjem, og hjernen får same beskjed frå synssansen og likevektssansen. På båt er det lurt å festa blikket på horisonten
Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet
YOGABALANSE
Her er ei yogaøving som trenar balanse: Stå på ein fot. Viss du greier det, set fotbladet inn mot motsett lår, eller berre løft foten litt opp. Greier du å føfta armane rett opp?
Her er det lurt å bruka fleire sansar for å hjelpa likevektssansen. Bruk fotsålen du står på aktivt, kjenn etter kor det trykkjer. Det vil hjelpa hjernen din å vita om du kjem i ubalanse, og retta opp. Fest blikket på eit fast punkt. Når synssansen din har eit fast referansepunkt, vert det lettare for hjernen å merka om du vippar.
Merk at synet ditt kan "henga fast" på eit punkt sjølv om du bevegar deg. Her samarbeider synet med likevektssansen. På nokre få tusendels sekund gjev likevektssansen beskjed til hjernen om at hovudet rører på seg, og augene kan bevega seg motsett for å halda fokus på samme punkt. Berre prøv å så sjå på ein fast ting mens du går, hoppar, eller bevegar hovudet. Lett, viss du ikkje ristar hovudet altfor fort.
Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet
BALANSELØYPE
Har du lyst på ei litt aktiv leikeøving, kan du laga ei balanseløype. Du kan hoppa mellom steinar, balansera på plankar og laga ei vippe du kan gå over.
Vil du ha meir utfordring, kan du gjera det til ein "kelnertest", og bera med deg eit fat med glas på. Eller kanskje du kan lage ei sykkelbalanseløype?
Her må fleire sansar samarbeida!
Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet