Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
Dei fleste veit at me høyrer med øyrene, men visste du at det sit ein annan sans inne i øyret og?
Ja, trudde du me berre hadde fem sansar? I dag skal me sjå på ein av dei litt mindre kjende sansane, den kinestetiske sansen.
FØL DEG FRAM. Når me ikkje har synssansen, må me føla oss fram. Det er uvant! Prøv å gjera nokre enkle oppgåver i blinde, til dømes pusla eit babypuslespel eller setja saman noko som er i fleire deler
Augo våre oppfattar lys. Lyset kan koma frå sola eller ein lampe, det treff gjenstandar og vert reflektert (sendt tilbake). Når lyset går gjennom pupillen vår og treff netthinna bak i auga, oppfattar sansecellene det og sender signal til hjernen.
Øyra oppfattar vibrasjonar i lufta, og det oppfattar me som lyd. Lyd er altså berre bølgjer, og treng eit stoff å bølgja i.
Smaks- og luktesans heng nøye saman, og ofte veit me ikkje heilt kva som er kva i praksis.
Kraftmuseet
Norsk vasskraft- og industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal Telefon: 53 65 00 50 post@kraftmuseet.no