Her blei det utført analysar av karbid, cyanamid, dicy samt spesialanalysar. Laboratoriet og arbeidet på laboratoriet var av vesentleg betydning for Odda Smelteverk sin suksess i prosessteknologi, leveransar av produkt med høg kvalitet og anerkjenning av alle sine produkt.
Etter at laboratoriet var ombygd i 1918, blei det drevet forsøk med ein prosess som fekk namnet ”Odda-prosessen”. Denne skulle komma til å få stor internasjonal betydning.
Odda Smelteverk var flinke til å laga reklame for produkta dei laga. Her er det kalkkvelstoffet som har gjort at kålhovuda har vokse seg så store. Foto: Kraftmuseet arkiv
Her er laborantane Lars Syse og Jonny Saue på Odda Smelteverk sitt laboratorium, det som i dag er KraftLaben vitensenter. Biletet er frå 1950-talet. Foto: Kraftmuseet arkiv
Smelteverket sitt laboratorium etter at Odda vart råka av ei bombe under 2. verdskrigen. Arkivfoto Kraftmuseet