Hotellet var klubbstaden til den lokale delen av foreininga Alliance Francaise og har framleis eit lite fransk bibliotek.
Etter ei hard tørn på tennisbanen, kunne ein slappe av i salongen med utsikt til Tidemand og Gudes landskap. Administrasjonshotellet har vore i drift frå 1993.
Tyssedal Hotell. Foto: Arvid Aga for Kraftmuseet
Arkitekturen skil seg frå produksjonsbygningane med at dei er bygd i den meir frigjorte Jugendstilen. Typiske trekk er det store mansardtaket med arker og lokk, smårutete felt i øvre del av vindauga og store, flate omrammingar. Arkitektane er Chr. F.J. von Munthe av Morgenstierne og Arne Eide.
Tyssefaldene administrasjonshotel. Foto: Kraftmuseet arkiv.
Folkelivskunstnaren Nils Bergslien, budde på hotellet i periodar. I hans frodige veggmalerier møter du Åsgårdsreia, Fossegrimen, munkar, nissar og troll i karikerte situasjonar og med kommentarar til industriutbygginga. På hotellet heng også mange andre kunstverk.
Eit uferdig maleri av Nils Bergslien som viser eit bondebryllup.
Maleriet Vestlandsfjord av George A. Rasmussen (1842-1914)