Trallebana var ein del av produksjonssystemet til vasskraftselskapet AS Tyssefaldene. Den første bana blei bygd i samband med utbygginga av Bersåvatnet i 1910-12 for å letta tilkomsten til anlegga på fjellet.
Etter dødsulukka i 1955, blei bana bygd om i 1956, tilrettelagt og sertifisert for persontransport. Fram til 1990-talet kosta turen 1 krona for vaksne og 50 øre for born.
Sjå eit innslag i Norge Rundt om trallebana her: Norge Rundt i Skjeggedal
3. april 1955 var trallebana åstad for ei stygg dødsulukke.
Oppsynsmann Anders A. Gavle hadde fått dispensasjon frå AS Tyssefaldene til å ta med seg familien (kona Alfhild, søstera Kristi, sonen Øyvind på 12 og tvillingane Åse og Eva på 15) opp til Topp, dei skulle til hytta på påskeferie. Tralla var allereie full av folk då Gavle og familien kom, så han måtte be dei gå av fordi han hadde bestilt denne kjøringa. Folk protesterte, men dei fleste gjekk av. Nokon, som det unge paret Frøydis og Per Smaamo fekk likevel plass, saman med Tove Berg, 12 år gamle Fred Andersson og 11 år gamle Kjell Kvile.
Etter ca. 15 minutter nærma bana seg "Stupet", det aller brattaste partiet. Anders Gavle ba dei to gutane Fred og Kjell om å hoppa av, dei sat usikkert til på kvar sin ende av bagasjen og påskeprovianten. Gutane sprang foran og venta på tralla der det blei flatare. Det var då tralla kom nesten over kanten at det hende. Vaieren sleit. Gavle ropte HOPP, fekk kasta ut kona og seg sjølv rett før tralla forsvann bakover i stor fart. Sju av dei ni som var att i vogna klarte å hoppa av. Kjell og Fred greidde såvidt å kasta seg unna før dei ble trufne av vaieren som kom som ein enorm pisk mot dea og slo trær og master av på tvers.
Kristi og Øyvind blei kasta ut, Kristi landa i skinnegangen, Øyvind blei slengd inn i skogen. Begge døydde momentant. Sju personar blei hardt skadde.
Trallebana blei ståande ubrukt for persontransport i eit par år. Ulukka måtte etterforskast, rapporter skrivast. Manglande vedlikehald og lemfeldig omgang med sikkerheita blei lasta kraftselskapet. Direktør Kollenborg og driftsleiar Aanonsen fekk begge bot. Etter dette blei bana delvis bygd om og sertifisert for persontransport.
Likevel hende ei ny ulukka i 1990, då ei lita jente kom inn under tralla og fekk kuttet av ein fot. Mågelibana ble stengt for alltid i 2012.
www.nrk.no/hordaland/60-ar-siden-paskemarerittet-pa-trallebanen
Trallebana Mågelibanen ved starten i Skjeggedal. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
På Topp, i området ovanfor trallebana lot AS Tyssefaldene tilsette og andre Tyssedølar byggje hyttene sine. Topp er utgangspunkt for turar innover det regulerte Tyssedalsfjellet, til Trolltunga og til Hardangervidda nasjonalpark.
Traséen til Mågelibanen. Foto: Kraftmuseet arkiv
Hyttene på Topp. Foto: Kraftmuseet arkiv
Mågelia Utvikling AS fekk løyve til å byggja veg til Topp. Dermed måtte den historiske trallebana vika plass for 17 hårnålsvingar på den over 4km lange nye vegen som stod ferdig i 2017. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet