Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Kraftstasjonen 1918 - 2018

"Når folk får øinene opp for at det er helt unødig at en fabrikkbygning og en heslig bygning skulle være synonyme begreper, som faktisk tidligere var tilfellet, vil det heslige anlegg overhode ikke bli tålt" (T. Astrup, 1931)

Kraftstasjonen Tysso 1 vart bygd og utvida i åra 1906 til 1918. 

Gründer og utbyggjar Sam Eyde brukte arkitektar under dei store utbyggingane, noko som ikkje hadde vore vanleg ved kraftutbygging og industrireising tidlegare.     

Omgrepet vasskraftstasjon kom først i bruk på 1890-talet. Tidligare talte ein oftast om turbinverk eller turbinbygning. Det handla altså meir om ein instalasjon enn ein bygning. Ein kraftstasjon er noko meir enn berre maskineriet. Det er eit komplett anlegg i ein separat bygning med drivverk, generatorer og kraftoverføring.

Etter kvart var ikkje byggherrane nøgde med typeteikningar, dei ynskte at ein arkitekt skulle teikna kraftstasjonen.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                  .

   Sam Eyde  (1866-1940)    

 

 Født i Arendal 29. oktober 1866.Ingeniørutdanning frå den tekniske høgskulen i Berlin-Charlottenburg  frå 1884-1891.  Sam Eyde hadde  ei lang yrkeskarriere i Tyskland før han etablerte seg som ein av dei største gründarane innan vasskraftutbygginga i Norge.

                            

 

 

 

Tysse 1

Kraftstasjonen Tysse er eit monument i mur og tegl over ei avgjerande tid i norsk historie.

 

Kraftstasjonane var prestisjebygg. Dei var eit synleg teikn på den nye tida og velstanden krafta skulle føra med seg.

Mange kraftverk og fabrikkar frå perioden minner om borger og slott. Likskapen signaliserer at bygga vart reiste i ei tid som vart oppfatta som ei ny stordomstid.

 

Utdanning i Tyskland

Dei tyske høgskulane var leiande institusjonar innan høgare ingeniørdanning i Europa. Mange nordmenn utdanna seg til ingeniørar og arkitektar i Tyskland.

To år før Sam Eyde byrja utdanninga si flytta høgskulen i Berlin inn i eit nytt og imponerande bygg. I løpet av ingeniørstudiet, fatta han og interesse for arkitektur. Under utbyggingane i Norge lot han eigne arkitektar utforma kraftstasjon, industribygg og bustader.  Samspelet mellom Eyde og arkitektane likna truleg på det han hadde med på ingeniørane sine. Kor mykje av Sam Eyde det var i det endelege resultatet er det ingen dokumentasjon på, men ein veit at arkitektane fekk utfalda seg og at dette var innleiinga på ei æra med prangande og monumental byggjekunst.  

Dei to arkitektane som teikna Tysso 1 kraftstasjon - Thorvald Astrup og Victor Nordan - studerte arkitektur på den tekniske høgskulen i Berlin samstundes med at Sam Eyde var i Tyskland, så ein kan rekna med at dei kjende til kvarandre.

 

Då Sam Eyde bygde opp industrisamfunna rundt kraftstasjonane, var han opptatt av at bustader og arbeidsstadar skulle byggjast med kvalitet. Eyde hadde fleire leiande tyske industrimenn i omgangskretsen sin, og delte deira visjonar om arkitektonisk og stilistisk kvalitet i industrien.

 

Den tekniske høgskulen i Berlin-Charlottenburg Den tekniske høgskulen i Berlin Charlottenburg rundt 1882. Foto: Wikipedia

 

 

Vasskrafta og kraftanlegga blei det viktigaste og mest uttrykksfulle symbol på framsteg og statleg utbygging på tidleg 1900-tal. Den monumentale byggjestilen var felles for både Norge og resten av Europa, og gjorde at arkitektane i større grad fekk ansvaret for utforminga. Kraftstasjonane hadde element frå borgarkitektur, kyrkjer, katedralar og store gjennomførte slottsanlegg. Det var ikkje berre storleiken eller fasadane på vasskraftverka som ga assosiasjonar til kyrkja og det heilage. Blanke maskinaggregat stod på rekke og rad i store hallar som ofte ga assosiasjonar til heilt andre rom enn industrielle produksjonslokale. Maskinane var plassert på podier på blanke marmorgolv, med dekorerte veggar og gesimsar. 

Vasskrafta sitt symbolspråk var viktig i detaljane på dei store anlegga, noko som blei synleg gjennom turbininspirerte vindauge,  og vatn- og lynmotiv - symbol som speglar vasskrafta.

 

 

Tysso 1, eit prestisjebygg

Thorvald Astrup og Victor Nordan, to av dei leiande arkitektane i Norge, teikna Tysso 1. Astrup teikna første del av kraftstasjonen med boga vindauge og teglsteinsdekorasjonar. Nordan heldt fram i same stil.

 

Arkitekturen i Tysso 1 har trekk frå fleire epokar. Interiøret kan med sine søyler og bogegangar, minne om antikk basilika-arkitektur. Eksteriøret har parallellar i renessansepalass. Ei samanstilling av fleire stilelement er typisk for seinhistorismen, ein arkitekturstil som var moderne i Noreg i byrjinga av 1900-talet. Høgskulen i Berlin Charlottenburg vart teikna av dei tyske arkitektane Lucae, Hitzig og Raschdorff som eit monumentalbygg i italiensk høgrenessansestil, og kan ha vore eit forbilde for Astrup og Nordan då dei teikna kraftstasjonen Tysso 1.

 

Under bygginga måtte arkitekten ta mange tekniske omsyn, og arbeidde såleis tett med ingeniørane.

 

Retning og plassering i terrenget var bestemt ut ifrå plassering av røyrgatene. For at vatnet skulle treffa rett på turbinane, måtte desse leggjast i ei rekkje mot fjellveggen. Bygget måtte leggjast tett inntil fjellet og det var ikkje høve til vindauge i bakkant. Lyset måtte ein henta inn på motståande vegg. Den store høgda under taket (12,5 m) var naudsynt for å løfta maskiner og turbiner inn med krane frå inngangen i nord. Traverskrana måtte løfta fleire titalls tonn. Dette kravde kraftige dimensjonar på veggar og søyler. 

 

Vassrøyra skulle gå under bygget og ut til fjorden. Halve turbinen ville verta hengande under golvet. Heile turbina måtte vera tilgjengeleg for inspeksjon, slik at Astrup måtte teikna sjakter ein kunne klatra ned i. Bygget vart då nærast ope ned mot vatnet, og relativ luftfuktighet i bygget vart høg. Det var naudsynt med sjakter for ventilasjon. Oppvarming trong ein ikkje tenkje på, då maskinene i seg sjølv ga varme til bygget.

 

Fyrste del av kraftstasjonen var ferdig i mai 1908. Bygget var 50 meter langt, med seks aggregat, og to røyrgater. 

 

 

Thorvald Astrup (1876-1940)

 

Astrup var født i Christiania og hadde si utdanning frå Christiania tekniske skule. Han gjekk på den tekniske høgskulen i Berlin-Charlottenburg frå 1896-1897. Thorvald Astrup vert rekna som ein av dei viktigaste, kraftverksarkitektane i Norge.

Den fyrste store oppgåva han fekk var å teikna kraftstasjonen i Tyssedal i Odda i 1906. Seinare teikna han Svelgfoss (1909–1913), Bjølvo Kraftverk (1915) og Såheim kraftstasjon på Rjukan,(denne saman med arkitekt Olaf Nordhagen) i 1916. Fram til 1950-talet var han den arkitekten som vart oftast nytta av Norsk Hydro.

 

 

                                                     Thorvald Astrup - arkitekt  

 

 

 

Fyrste byggjetrinn vart utført i perioden 1906-1908. AS Tyssefaldene under Sam Eyde hadde frå byrjinga av planer om å utvida stasjonen etterkvart. Men dette måtte skje fortare enn ein hadde rekna med. Det viste seg at utrekning av vassmengdene ikkje var rett. Vassføringa var større enn ein fyrst hadde trudd. Fabrikkane vart bygd ut og trong meir elektrisk straum. Kraftstasjonen måtte utvidast og det måtte byggjast fleire røyrgater.

Allereie i 1909 kom eit nytt aggregat på plass. Utvidingane skjedde i fleire byggetrinn, men arbeidet pågjekk nesten kontinuerleg fram til 1918. Då han stod ferdig, var kraftstasjonen 180 meter lang. Breidda var10,5 meter, 14 meter i midtpartiet.

Thorvald Astrup leverte forslag til utviding, men desse vart vraka til fordel for sjukehusarkitekt Victor Nordan sine teikningar. Sjølv om dei var konkurrentar, samarbeidde dei to arkitektane godt, og Nordan studerte Astrup sine utformingar då han teikna utvidingane.

 

 

 

Victor Nordan (1862-1933)  
Nordan var født i Christiania, vart utdanna ved South Kensington Museum i London, og ved den tekniske høgskulen i Berlin-Charlottenburg. Han var i Berlin i to semester i 1886–87. Fleire sjukehus, m.a. Ullevål sjukehus, Dikemark sykehus, Gamle Gades Institutt og Haukeland i Bergen, Rogaland Fylkessykehus i Stavanger, kyrkjer og bankbygg ber hans underskrift.  Victor Nordan - arkitekt

 

 

 

Tyssedal kraftstasjon, akvarell frå 1911. Originalen er i arkitektfirma Nordan sine arkiv. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Kraftstasjonen vart freda av riksantikvaren i mai 2000, og ei naudsynt restaurering kunne endeleg byrja. Forfallet hadde akselerert. Utan varme i bygget, med ei luftfuktigheit på opp mot 80% hadde det gått hardt utover bygget og maskinane. Skade frå råte, maling og muspuss som flassa av vegger og tak. Det var eit spørsmål om bygget i det heila tatt ville overleva.

Restaureringa vart delt inn i tre fasar:

1. Restaurering av utvendige fasadar og tetta røyrkjellar. Testing for å finna fram til rett maling og murpuss. Utvendig restaurering.

2. Hovudsakleg innvendig restaurering.

3. Rehabilitera maskiner. Ei oppgradering av den viktige traverskrana.

 

 

Bygget skulle verta mest mogleg realistisk restaurert. Ein kom fram til at ikkje alt skulle førast attende til det opprinnelege. Nokre endringar var irreversible. Endringane var ein del av historia til bygget, og skulle behaldast. Restaureringa tok sju år, og kostnaden var på rundt 47 millioner kroner (2007).

I 2001 vart det og installert eit fjernvarmeanlegg som baserte seg på varmt spillvatn frå produksjonsprosessen ved nabobedrifta TTI (Ilmenittsmelteverket i Tyssedal). Anlegget vart lagd i røyrkjellarane bak turbinhallen.  Riksantikvaren godkjende dette trass i at det medførte inngrep i sjølve maskinhallen. Det vart lagd vekt på å gjera desse inngrepa så skånsomme som mogeleg og jamn varme er avgjerande for at framtidig vedlikehald skal kunne haldast på eit akseptabelt kostnadsnivå

 

 

I 2000 valde Odda kommune Tysso 1 som sin tusenårstad. Kraftstasjonen  vart i 2005 kåra til Århundrets byggverk i Sogn- og Fjordane og Hordaland, med over 50% av stemmene. I kåringa av Århundrets byggverk i Norge, kom Tysso 1 på ein 4. plass:

 

  1. Atlanterhavsveien
  2. Svinesundbroene
  3. Gjøvik Olympiske Fjellhall
  4. Tyssedal kraftverk
  5. Ishavskatedralen
  6. Vemork kraftverk
  7. Telenorbygget
  8. Ekofisktanken
  9. Vernebygget
  10. Drammens Teater
  11. Flåmsbana
  12. Oslo rådhus
  13. Rica Park Hotell, Sandefjord
  14. Åseral Rådhus
  15. Politihuset i Trondheim

 

Kjelder: 

Ole Kristian Grimnes, Sam Eyde - den grenseløse gründer

Gunleiv Hadland si oppgåve: Kraftstasjonsmuseer på einsidige industristader.

AS Tyssefaldene sitt jubileumsskrift 1956 

NVE KINK - Kulturminner i norsk kraftproduksjon

Oppgave i arkitektur ved NTNU - Nina Gjester Hoel

Store Norske Leksikon

 

 

 

 

Tyssedal i 1906

Tyssedal i 1906

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no