Fritz Kristoffersen og Ruth og Sverre Hjørnevik fortel kva dei minnest om den kjende tyskaren;
- Willy Brandt budde hos oss i Ritagården, der det var nokon store og nokon små leilegheiter. I underetasjen var det m.a. bakeri og frisør, fortel Ruth.
- Osvald og eg gifte oss i 1934 og leigde toppleilegheita med vindauga mot kyrkja. Vi hadde soverom, ei stor stova, entré, eit lite tekjøken og WC. Willy låg på divanen i stova. Vi åt og vaska oss på kjøkenet.
Willy var ein flott og fin kar på 23 år. Han snakka litt gebrokkent norsk, men var lynande flink. Han budde hos oss i omlag 14 dagar.
Kva han gjorde i Odda veit eg ikkje, det var Osvald som hadde den meste kontakten.
Willy likte veldig godt havremakroner med nellik. Seinare vart dei kalla Willys makroner.
Bustadar på Freimssanden vart skada etter flaumen i 1938. Foto: Kraftmuseet arkiv
Under opphaldet i Odda sjarmerte Willy Brandt ei kvinne som var aktiv i arbeidarungdomslaget, og ho var hans faste fylgje under heile Oddaopphaldet.
Den 13. november 1938 feide eit ras frå Freimslia gjennom husa på Freimssanden og øydela dei. Willy Brandt stod med ope vindauga saman med kjærasten sin Tove framfor seg og såg på skreda.
Odda sentrum 1933-1935. Ritagården er tredje huset på venstre side. Foto: Kraftmuseet arkiv
Odda sentrum og Ritagården etter bombing i 1940. Foto: Kraftmuseet arkiv
Kvifor var Willy Brandt i Norge?
Det er mykje som tyder på at det starta tilfeldig. Som ungdom deltok han aktivt i kampen mot nazismen i tyske Lübeck, og fekk sine fyrste politiske verv her. Ei av hans partifeller skulle sendast til Oslo for å oppretta støttepunkt for Sosialistisk Arbeidarparti (SAP), men vart arrestert. Willy Brandt vart send i staden. Han kom til Norge i 1933, 19 år gammal. Han lærte seg fort norsk og arbeida aktivt for SAP og seinare det Norske arbeidarpartiet i eksil.
"Willy Brandt var på leting etter innflytelse for å kunne realisere politiske planer og idéer. Oppholdet i Norge var en pregende etappe i denne utviklingen".
Sitat frå heftet om eksilåra.
Meist sannsynleg var dette årsaka til at Willy Brandt var i Odda på denne tida, då han hadde mange møter med Odda Arbeidarungdomslag.
Den unge Willy Brandt.
Hjørnevik og Kristoffersen minnast Willy Brandt som ein staut kar, men han kunne verka nervøs og spent, kikka seg ofte rundt og var på vakt. Han fortalde om forholda i Hitler-Tyskland og gav sterke skildringar av kor ufritt det var. Ein torde ikkje snakka for mykje. Til og med innanfor eigen familie måtte ein vera varsam.
Samstundes var ein annan tyskar i Odda, ein Saamann som var instruktør for Odda Turnforening. Willy Brandt åtvara sine politiske vener i Odda og ba dei vera forsiktige med denne fyren. Det vart sagt at Saamann dreiv med fotografering av Odda og djupnemåling i fjorden.
Saamann vart sedd i uniform då Bergen vart okkupert i 1940.
Willy Brandt heitte eigentleg Herbert Ernst Karl Frahm og var fødd 18. desember 1913 i Lübeck i Tyskland. Han dreiv aktivt motstandsarbeid i Tyskland før andre verdskrigen og vart fråteke statsborgarskapet sitt i 1938, og søkte og fekk det norske statsborgarskapet i 1941. Han budde i eksil i Norge til etter andre verdskrig. I 1946 reiste han attende til Tyskland, der han vart norsk presseattaché Willy Brandt var regjerande borgarmeister i Vest-Berlin frå 1957 til 1966, Vest-Tyskland sin utanriksminister frå 1966 til 1969 og Vest-Tyskland sin forbundskansler frå 1969 til 1974. Han fekk tildelt Nobels Fredspris i 1971 for å ha rakt ut ei forsonande hand til Aust-Europa og for å ha styrka samarbeidet i Vest-Europa gjennom EEC-samarbeidet. Han var gift med norske Rut Hansen frå 1948 til 1980, dei hadde tre søner; Peter, Lars og Matthias Brandt.
|
Kjelder:
Odda i Manns Minne 2002
Willy Brandt/ Einhart Lorenz: Skrifter fra eksilåra i Norge
Store Norske Leksikon