Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Sjukehuset

1. juli 1918 fekk Odda sitt første sjukehus med plass til 30 pasientar. Før det hadde Odda hatt eit feltsjukehus - lasarettet, eller Keisarbrakka som det vart kalla på folkemunne.

Feltsjukehuset var ei gåve frå den tyske keisar Wilhelm II i 1909. Det vert sagt at Leonie Petersson - direktør for karbidfabrikken Dr. Albert Petersson si tyske kone - var med og overtydde keisaren om at Odda trong eit lasarett for å kunne ta seg av sjuke og såra. Det hadde vore ulykker i fjella under anleggsarbeida, der dei såra vart sende med båt til Bergen. Det var ikkje alltid dei overlevde den lange reisa.

 

Kva som var den eigentlege orsaken veit vi ikkje, men det er kjent at keisaren var glad i Odda og likte folka her. Han hadde ikkje for vane å blanda seg med almuen, men det hende han besøkte vanlege familiar, som arbeidarfamilien Syse i dei nybygde arbeidarboligane på Nyland.

 

Leonie Petersson var kjend for å besøka sjuke i Odda, og det seiest at ho snakka ofta og lenge med keisaren. Ein seier og at det kan ha vore den privatpraktiserande legen i Odda, Olaf Kvam som tok initiativet til dette. Korleis det enn hadde seg; Keisaren gav Odda eit lasarett - eit feltsjukehus - i gåve. Betingelsane som følgde med var desse:

 

1. H.M. den tyske keisaren gjev bygningskommunen Odda ei sjukebrakke og utstyrer denne til ein viss grad.

2. Kommunen sørgjer for tomt og vatn, Alby United Carbide Factories Ltd bidreg med lys og varme.

3. Kostnadane med nødvendig personal og sjuketenester vert delte mellom kommunen og fabrikken.

4. Kommunen overtek administrasjonen med sjukebrakka.

5. Skulle ein byggje eit sjukehus i Odda, ynskjer H.M. at brakka skal verta nytta som eit isoleringshus for smittsame sjuke.

 

Felt-sjukehuset Keiserbrakka 1908-09 Keiserbrakka på Nyland - Mjøstølen i Odda i 1909. Foto: NVIM arkiv

 

 

Keisarbrakka vart bygd i 1909, ho inneheldt operasjonsstove med tidsmessig utstyr og 3 sjukerom med 3-4 senger i kvart rom. Dessutan eit lite kjøken, bad, toalett og opphaldsrom for dei som arbeidde der.

Utstyret var tilsvarande eit feltsjukehus. Operasjonsbordet må ha vore av særleg høg kvalitet; det var i dagleg bruk til ut i 1950-åra.

 

Dr. Kvam kom til Odda i 1903, det var private interesser som hadde fått han hit. Distriktslegen i Ullensvang herad hadde og Odda som sitt arbeidsområde. Denne situasjonen var ikkje enkel og er skildra slik av Olav Kolltveit:

Dei store avstandane og storm og ishindringar gjorde at det ofte var vanskeleg for folk i Odda å skaffa seg lækjarhjelp. Det vart difor samla private tilskot til løn for ein privatlækjar som ville slå seg ned i Odda.

 

Det første sjukehuset

Odda vart eigen kommune i 1913, og behovet for eit nytt sjukehus vart tidleg klart. I mars 1914 vart det sett ned ein sjukehuskomite som la fram si innstilling i juli 1915.

Odda kommunale sjukehus skulle ta hand om kirurgiske-, medisinske-, og fødepasientar. Sjukehuset hadde 30 senger og det stod klart til innflytting hausten 1918.

Byggekostnadane var i overkant av kr. 300 000,-

 

Bygging av Odda sjukehus i 1917-18

 

Utstyret var tidsmessig etter tilhøva på den tida. Allikevel kom eit røntgenapparat på plass først i juni 1928. Prisen på dette var kr. 17 701,81 og vart betalt av dei tre bedriftene og AS Tyssefaldene i fellesskap.

Døgnprisen for pasientar var kr. 6,- for dei som budde i kommunen, og kr. 10,- for alle andre.

 

Spesialist i kirurgi, Dr. Jan Haavik, kom til Odda hausten 1915, og vart tilsett som leiar av sjukehuset. Det vart også tilsett ei oversøster som og tenestgjorde som operasjonssøster. Elles var der 3 sjukesøstre, 1 jordmor, nokre hjelpepersonell og ei bestyrerinne for kjøkkenet.

Sjukehuset hadde ikkje eit definert skilje mellom dei forskjellege avdelingane. Pasientane vart plasserte etter overlegen si tilvising, der det på innleggingspunktet var hensiktsmessig, og der det var ledig plass.

 

Overlege Haavik sa opp stillinga ved sjukehuset i 1948, men fortsette som distriktslege i Odda fram til 1950.

 

Sjukehuset vart utvida i 1950. Ei tidlegare anleggsbrakke - Nordagbrakka - frå Skjeggedal vart ominnreia og gav sjukehuset ytterlege 15 senger. Brakka inneheldt også laboratorium og andre servicerom.

 

Det gamle og det nye sjukehuset med Nordagbrakka i bakgrunnen.

Gamalt og nytt sjukehus med Nordagbrakka i bakgrunnen. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Seinare tenestegjorde sjukehuset som pleieheim. Det stod på tomta der Odda sjukeheim er i dag.

Det gamle sjukehuset

 

I 1948 vart spesialist i kirurgi, Dr. Bernt Chr. Brynjulfsen tilsett som ny overlege. Odda Kommunale Sjukehus vart eit interkommunalt sjukehus for Eidfjord, Kinsarvik, Odda og Ullensvang. Den formelle avtalen vart underskrive 01.juli 1949. Odda Kommunale Sjukehus vart no til eit interkommunalt sjukehus for Indre Hardanger.

Dei fire kommunane skulle eiga og driva sjukehuset etter ein avtalefesta fordelingsnøkkel.

 

Det hadde lenge vore planar om bygging av eit nytt sjukehus. Desse tok konkret til hausten 1948 og fortsette til byggearbeidet vart sett i gang i desember 1953. Kostnadsoverslaget for det nye sjukehuset var kr. 3 667 000,-

 

Byggetida var på tre år. Det nye Indre Hardanger Sjukehus stod ferdig 26. januar 1957.

Totalkostnaden vart kr. 4 450 000,- eller kr. 45 000,- per seng.

Helsedirektør Karl Evang uttala i den samanheng: - Det beste og billigste tredelte sykehus jeg hittil har sett.

 

Dei 100 sengene var fordelt i tre etasjar med 50 senger til medisinske pasientar, og 50 senger til kirurgiske- og fødepasientar.

Hausten 1956 vart det i tillegg til adm. overlege Brynjulfsen tilsett ein overlege som var spesialist i indremedisin, ein røntgenoverlege og ein reservelege.

 

Pasientrom ved Odda sjukehus i 1957 Pasientrom på det nyopna sjukehuset i 1957. Foto: NVIM arkiv

 

Fylkessjukehuset i Odda

 

I 1957 to sjukehusnemnda i fylket opp spørsmålet om Hordaland fylke burde overta all sjukehusdrift i eige fylke.

I Fylkestinget i 1958 hadde fylkesmannen eit framlegg om at Hordaland Fylke skulle overt Indre Hardanger Sjukehus, med verknad frå 01. juli 1959.

Framlegget vart samrøystes vedteke av Fylkestinget. Dei fire eigarkommunane skulle få refundert den eigenkapitalen som vart lagd ned i sjukehuset. Hordaland Fylke skulle stå som eigar og ha driftsansvaret. Eventuelt underskot skulle dekkast over fylket sitt budsjett.

I åra 1975 - 1977 vart det gjennomført ei opprusting av sjukehuset der sengetalet vart redusert frå 100 til 78.

 

Kilde: Jubileumsheftet til Fylkessjukehuset i 1993

 

 

 

 

 

 

Keiserbrakka - lasarettet i 1909

Keiserbrakka - lasarettet i 1909

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no