Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Egne Hjem

Industrireisinga i Odda og Tyssedal føregjekk i stort tempo frå 1906 og framover. Bustadmangel melde seg, og ordninga Egne hjem vart ei av løysingane. 

Då industrialiseringa i Europa skaut fart, fann den kraftkrevjande industrien sin plass nær dei vestnorske fossane, og nye industrisamfunn vaks fram. Tusenvis av arbeidarar strøymde til bygdene, og dei trong husvære. Industrireisinga i Odda og Tyssedal gjorde at det på relativt kort tid var så stor tilflytting, at folketalet auka frå 1852 personar i 1910 til 6863 i 1917. Industriveksten kom så raskt og var så stor at det ikkje var mogeleg å byggja tilstrekkeleg med bustader raskt nok. 

  

I byrjinga sette bedriftene opp bustadbrakker, noko som ikkje var ei god løysing i lengda, korkje for arbeidarane og familiane deira, eller for bedriftene. Det var dei som meinte at om ein samla for mange arbeidarar på ein stad, kunne dette føra til uheldig kravmentalitet. Då var det betre at dei hadde eigne hus med hagar, slik at interessa for politisk organisering vart mindre. For arbeidarane var forholda i brakkene heller ikkje gode, med dårlege hygieniske høve, bråk og lite privatliv. 

 

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet Born og kvinner med Brakkebyen i Tyssedal i bakgrunnen. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Bedriftene og kraftverka bygde etter kvart hus med hagar etter hageby-prinsippet dei henta frå Tyskland og England. Dette vart nok helst gjort ut ifrå bedriftsøkonomiske motiv, då ein arbeidar som hadde betre plass og meir ro, ville yta meir på arbeidsplassen.  

 

Omgrepet Egne hjem vart kjend i Norge i 1902, etter at tidsskriftet Egne Hjem byrja å koma ut. I Sverige hadde "Egnahemrörelsen" etablert seg på slutten av 1800-talet. Dei første husa i Norge etter Egne hjem-prinsippet vart bygd i Bærum, med oppstart i 1900. 

  

Egne hjem var noko som fenga. Det var ei løysing som mange meinte tente deira sak, anten det var bedriftsleiinga som ynskte seg betre produktivitet og lønnsemd, eller det var arbeidarar som ynskte seg betre bustadhøve. 

  

Den borgarlege bustaden var delt i ein privat og ein offentleg sfære. I den private delen hadde husmora den viktigaste rolla, og ho vart betrakta som heilt avgjerande for at heimen skulle vera ein base der borna fekk den naudsynte omsorg og tryggleik som dei kunne ta med seg vidare i livet for å verta gode samfunnsborgarar. I den offentlege avdelinga kunne den borgarlege familien visa fram velstand og posisjon, og framstå som skikkelege, sunne og respektable menneske. 

  

Ein typisk Egne hjem-bustad kan beskrivast som eit lite hus med eit tilhøyrande jordstykke av ein slik storleik at det kunne brukast til å dyrka hagevekstar og jordbruksprodukt til arbeidarfamilien sin eigen bruk. Huset skulle liggja i landlege omgjevnader, og ikkje vera større enn at ein arbeidarfamilie ville ha råd til å eiga det.  

  

I 1903 vart det gitt ut ei bok som inneheldt teikningar og døme på korleis arbeidarbustader og Egne hjem skulle vera. 

  

Arbeidarbustader i Odda på 1900-talet Teikning av ein arbeidarbustad. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Tyssedal

Gründeren Sam Eyde var den første generaldirektøren for AS Tyssefaldene i Tyssedal. Han interesserte seg for arkitektur og var inspirert av idear frå Tyskland, der han hadde tatt ingeniørutdanning. Han  tok plangrunnlag og bustadtypar på Krupp sine arbeidarkoloniar i Essen i Ruhrområdet med seg heim til Notodden, og vidare til Tyssedal. Eyde skriv i biografien «Mitt liv og mitt livsverk»: 

 

På mitt initiativ var selskapet gått i gang med å anlegge en bebyggelse for arbeidere, funksjonærer og ingeniører, hvor jeg selv var med og utformet de anvendte typer. Jeg hadde ikke lite bry med å få de franske direksjonsmedlemmer til å gå med på disse arbeider - de stod ganske fremmed overfor den tanke at man skulde behøve å tenke på de underordnedes boliger.  

  

I konsesjonsavtalen frå staten var det krav om at Tyssefaldene skulle sørgja for bustader til arbeidsfolket. 

AS Tyssefaldene bygde brakker og etterkvart små og store bustader.

 

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet

Kvernhusteigen med Brakkebyen bak kring 1925. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Tysso Elektrikerforening tok initiativ til eit Egne hjem-prosjekt i Tyssedal. I 1945 fekk dei aksept for dette hjå Tyssefaldene, men først i 1949 fekk dei henta inn arkitekt Eivind Mostue til å laga ein reguleringsplan for Øvre Skogly. Tyssefaldene skaffa teikningar, byggjeløyve, varer og verktøy og sørga for rimelege lån frå kraftselskapet og Husbanken. Tomtene var festa med veg, vatn og kloakk. Redaktøren i lokalavisa Hardanger Folkeblad meinte: 

Egne Hjem-prosjektet er en milepæl for Tyssedal-samfunnet. Med dette kan en trygt si at Tyssedal går en ny æra i møte. Det skal bli slultt på nomadelivet, Tyssedal skal bli et samfunn med fastboende mennesker. 

 

Odda

Odda-fabrikkane hadde i 1906 kjøpt opp innmarka til Prestegarden midt på dei flate slettene i Odda til industriføremål. Bokko-garden på dei flate bøane vest for fabrikkane kom stykkevis for sal, ofte med god hjelp av tomtespekulantar. Bustadbygging for dei tilsette ved fabrikken vart sett i gang.  I Odda sentrum bygde Odda-fabrikkane småbustader først på Bakke, så på Nyland, området sør for fabrikkane, i Dalen og oppover Eidesdalen. I 1914 var den store byliknande blokka Murboligen ferdig. 

 

Etterkvart var tomteland mangelvare. No vart det seld tomter på fjellknausar i utkanten av den dyrka innmarka, slik som Kleivavika, Banhamar og Kalvanes. 

 

 

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet Arbeidarbustader på Bakke i Odda sentrum kring 1922. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet Funksjonærbustader på Toppen, arbeidarbustader nede på Krenken. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

 

Arbeidarbustader i Odda på 1900-talet Hus i Kleivavika og Banhamar kring 1925. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

I 1911 opna forretningsmannen Sverre Bredal for husbygging på Tveite i Odda - det som i dag er kjend som Egne Hjem. Bredal var leiar for eigedomsselskapet Egne Hjem AS. 

Tveite (også kalla Tokheims-Tveiten eller Tveit øde) vart seld for 500 kroner. Bredal fekk hand om fleire parsellar i området som den gong høyrde til Halldorsbruket. Eigarane selde ein del av eigedomen til Egne Hjem AS. 

  

Det var direktør Albert Petersson ved Odda-fabrikkane sin ide å etablera Egne hjem i Odda. Føremålet var "...ved kjøb af eiendomme, bebyggelse af disse, udleie og eventuelt salg, at skaffe arbeidere paa Odda gode og billige boliger". Det vart lyst ut ein arkitektkonkurranse. Albert Petersson sat i juryen saman med bergensarkitektane Sigurd Lunde og Egill Reimers. Det kom forslag frå 16 ulike arkitektkontor. Oppgåva var å teikna ein eller fleire hustypar for to familiar der "..utseende maa staa i samklang med landskapets karakter."  Osloarkitekten Ivar Næss vann konkurransen. (Frå Fabrikkbyane i Hardanger av Eva Røyrane).

  

Husbygginga på Tveite vart sett i gang i 1912, og var ferdig i 1916. I 1927 vart det bygd fleire hus med fire leilegheiter på to eller tre rom og kjøken. Her delte to familiar eit bad med vedfyrt varmtvasskjele i kjellaren.  Knut Svåsand var byggmeister. På same tid som eigedomsselskapet bygde bustadane på Egne Hjem, sette det opp to store bygg i Odda: Vinkelgården i gågata og det store huset med fleire leilegheiter på Motippen. 

All denne utbygginga skjedde på rekordtid fram mot 1919, men dekka likevel ikkje behovet. Husmangelen i Odda var permanent frå 1906 til kring 1970. 

  

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet

Dei fyrste bustadane på Egne Hjem var ferdige i 1916. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet

Egne Hjem og Eitrheimsvegen kring 1925. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Sjølv bygde tomtespekulant Sverre Bredal seg hus nedst på Egne Hjem, og budde der til han døydde av spanskesjuka i 1918, nesten 43 år gamal. Huset er den flotte villaen som gjekk under namnet Ravn-huset. Rett før Bredal døydde, gifta han seg med hushalderska si, Torbjørg Sekse, som han hadde ein son med. Torbjørg flytta tilbake til Sekse etter at Bredal døydde. Her sette ho opp ein mindre kopi av Ravn-huset ytst på Sekse, ned mot Sandstå. Huset i Odda vart overteke av skipsmeklar Vilhelm Ravn. Sverre Bredal var i slekt med Knud Knudsen, den berømte Odda-fotografen frå Tokheim. 

  

Huset ovanfor Ravn-huset, i dag kjend som villa Midtgard, vart bygd av Samson Tokheim etter at han kjøpte tomta Kalhagen av Kristen Tyssedalstveit i 1913. Tyssedalstveit var ein velhalden mann etter å ha selt storparten av garden sin i Tyssedal til kraftselskapet AS Tyssefaldene i 1911. Tokheim budde ikkje sjølv i huset. Det var truleg tannlege Fredrik Wexels som budde der først. Han var den fyrste tannlegen i Odda og budde der frå 1914 til 1922. Etter den tid hadde fabrikken Norzink råderett over eigedomen. Utbyggingssjefen for Norzink, den norsktalande belgiaren Eduard Scholeur, budde i huset frå 1924 til 1929 mens fabrikken på Eitrheimsneset vart bygd. 

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet

Det Norske Zinkkompani sin direktørbustad på Egne Hjem. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Berre eit fåtal av husa på Egne Hjem var privateigde. I 1924 vart eigedomsselskapet overteke av A/S Odda nye Eiendomskompani som var AS Tyssefaldene sitt eigedomsselskap. Frå same tid disponerte Det Norske Zinkkompani A/S eigedomane på Egne Hjem. Frå 1981 til 1988 selde Norzink alle husa sine til private. Først etter denne tid kan bustadfeltet på Tveite bera namnet sitt med rette. 

  

 

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet Egne Hjem. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Andre industristader med "Egne Hjem"

Industristadane Høyanger, Sauda, Ålvik, Notodden og Rjukan hadde også sine "Egne Hjem" bustadområde.  Om Rjukan skriv Sam Eyde i si bok Mitt liv og mitt livsverk:

 

"For å skaffe de nødvendige boliger til det sterkt økede arbeiderantall, blev der opstillet en plan over alt det husrum selskapet disponerte over. Tidligere hadde man ingen oversikt over hvilke hus der kunde disponeres for driften, og hvilke for anlegget. Det viste seg at der ved rasjonell utnyttelse av de allerede eksisterende hus og ved forsering av de nye fire-familiehus som var under bygning ned på Bøen (Rjukan), kunde skaffes rum for alle de 2500 mann uten noen særskilt nybygning av barakker.

For driftens folk blev der straks gått i gang med utførelsen av «egne-hjem»-hus nede på Ingolfsland. Jeg fikk på gunstige vilkår avsluttet et lån med Skiensfjordens Kreditbank og Centralbanken på til sammen kr. 500 000 og vi blev derved i stand til å kunne opføre inntil 45 «egne-hjem»-hus, hver på to familier. Jeg besluttet straks å gå i gang med utførelsen av 20 sådanne hus, da dette efter min mening var den måte vi i størst mulig utstrekning måtte søke anvendt der oppe for å skaffe en vel fornøid arbeidsstokk. Den vilde i egen interesse gi oss den beste hjelp til å bringe sunde og stabile arbeidsforhold i Vestfjorddalen".

 

 

Kjelder:

Kraftmuseet sine arkiv

Øyvind Bergkvam, Egne hjem-bevegelsen i Norge 1900-1920. Hovedoppgave UiO

Tore Brantenberg, Sosial boligbygging i Norge 1740-1990

Eva Røyrane, Fabrikkbyane i Hardanger

Heftet Egne Hjem Odda

 

Heftet om Egne Hjem kan du kjøpa her på Kraftmuseet i Tyssedal,  eller du kan lesa det på nasjonalbiblioteket om du klikker på biletet:

 

Heftet Egne Hjem Odda

 

 

 

 

 


 

 


 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no