”Syndfloden” kom plutseleg etter to nedbørsfattige år med vassmangel, tomme magasin ved Tyssedal kraftverk og mangel på industikraft. Situasjonen var slik: hausten var komen og det hadde vore kaldt og kome snø på fjellet. Brått slo det om til mildver og kraftig regn, nær skybrott. I tillegg smelta snøen. Dei store vassmengdene fylte opp bekke- og elvefar på få timar og situasjonen var dramatisk.
Verst skade gjorde Sansarbekken og Tokheimselva.
På Egne Hjem var det svært dramatisk. Tokheimselva grov laus og fylte opp enorme steinmassar. Elva gjekk gjennom bustadfeltet og vatnet rann gjennom hus og ut av vindaugo. Mange hus blei øydelagde og det vesle meieriutsalet begravd av steinmassane.
Også Freimselva gjekk over sine breidder, som så mange gonger tidlegare. Her var det gjort omfattande tiltak for elveforbygning etter flaumen i 1938, men det viste seg å ikkje vera sterkt nok.
På Bygdarbøen ved Odda Folkebadet i sentrum, samla vatnet seg i ein stor dam i Røldalsvegen som er hovudvegen gjennom Odda .
Sansarbekken som kjem ned til Eide på vestsida av Odda, var nokre år tidlegare lagt i kunstig kanal forbi stadion til Sandvinsvatnet. Det fylte seg opp med vatn og greiner i kanalen, vassmengdene blei for store og bekken fann tilbake til sin naturlege veg ned Tjoadalen. I tillegg fløymde det ned Eidesbrotet til Eidesdalen. Eit bustadhus blei totalskadd, og det gjekk hardt ut over hagar og vegar. Tjoadalen var nyasfaltert, men blei fullstendig rasert.
Filmen er av T. Vikane, og befinn seg i Kraftmuseet sitt arkiv.
Born i Odda skriv om flaumen
Klasse 6A ved Odda barneskule laga ei elevoppgåve om haustflaumen i 1962. Oppgåva fekk tittelen Flomkatastrofen i Odda. Lærar Kristin Digranes tok vare på heftet. 44 år seinare, - etter ein temakveld om vatn og flaumbilete i fotoarkivet, tok ho fram heftet og gav det til museet.
18. oktober 1962 sette mange spor. Elevane i 6A snakka om den dramatiske flaumen på skulen og kvar elev skreiv om sine opplevingar. Alt blei samla til ei oppgåve som blei illustrert med foto frå avisklipp. Vi har skanna alle sidene.
Du kan lesa kva elevane i klasse 6A opplevde og fortalde. Last ned dokumentet på lenka til høgre.
Bilete
Kraftmuseet har fleire bilete frå flaumar og høg vassføring i elvane. Er du ute etter spesielle foto eller stader, kan du ta kontakt med fotoavdelinga. Du kan og lesa meir om korleis flaumen herja på Tokheim og Egne Hjem i heftet Egne Hjem, som museet gav ut i 1999.
Bileta du ser er tekne av Sverre Rafdal, Helge Skjeggedal, Gunnar Evertsen og Haugesunds Avis.