Alle nyare foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Historiske foto: AS Bjølvefossen, Hardanger Folkemuseum Utne, Ålvik Industrimuseum
Røyrgate - røyr 1 og 2
I 1916-1918 vart det vedtatt å byggje ut trinn 1 av Bjølvo kraftverk i Indre Ålvik. Planane for utbygginga Bjølvo kraftverk var utvikla gjennom fleire år før 1916. Alt i 1915 var det tatt høgde for eit nytt byggetrinn, med heving av dam, røyrgate nr. 2 og utbygging av kraftstasjonen. Gjennom dokumentasjonsprosjektet finn vi at det i første byggjetrinn vart prosjektert, teikna og installert ein røyrstuss (inntakskonus) i fordelingsbassenget på Toppen for røyr 2, samt samankopling og fordeling av vatnet mellom røyr 1 og røyr 2 til turbinane.
I ei revidert og godkjend teikning datert 15. mai 1915, heiter det: «For 1ste Utbygging: 20000 HK. Monteres kun Rørledning 1. I Fordelingsbassinet monteres dog ogsaa Indtaktskonus for Rørledning 2. Ved kraftstasjonen medtages av Rørledning 2 den nederste del til punkt A».
Trallebanen vart og lagt slik at ein enkelt kunne montera ei ekstra røyrgate, delvis mellom røyr 1 og trallebanen og delvis på den andre sida av trallebanen (i den øvre delen i tunnel og under tak). I arkiva finn vi ei teikning alt 29. april 1920 med fylgjande tittel: «Prosjekteret Turbinrørledning No II alt. III».
Etter det dramatiske røyrbrotet 20. mai 1919 (sjå foto under artikkelen) og påfølgande depresjon, vart karbidproduksjonen innstilt. Etter at røyrgata og trallebanen vart reparert, heldt kraftproduksjonen fram for å levera straum til Bergen Elektricitetsverker (BEV) og Bergen by
Både røyr 1 og 2 er framfor fordelingsbassenget – i ventilhuset – utstyrt med spjeldventilar (røyrbrotsventilar) som lukka seg automatisk om farten på vatnet vart over det normale. Ventilane kunne styrast manuelt på Toppen, eller elektrisk nedanfrå kraftstasjonen. I 1972 vart røyr 1 utstyrt med ein ny ø1250 røyrbrotsventil nedanfor den eksisterande spjeldventilen.
Frå fordelingsbassenget fører to røyrleidningar nedover fjellsida til kraftstasjonen. I den øvre delen delvis i tunnel (300 meter) og under overbygg (350 meter). Resten av røyrgata ligg i ope terreng nedover fjellsida, med varierande helling. I Storastupet er hellingsgraden nærare 62 grader.
Røyr 1 vart montert i 1917-18, vart levert av tyske A/G Ferrum og produsert i Katowitze i Ober-Schlesien, då i Tyskland (i dag ein del av Polen). Røyret var kraftig forseinka grunna 1. verdskrigen. Røyret har ei lengd på 1480 meter. Innvendig diameter er 1250 mm ved fordelingsbassenget og 850 mm ved kraftstasjonen. Godstjukkelsen er 10 mm øvst og stigande til 48 mm nedst. Vekta er ca. 1200 tonn.
Røyra er sveisa saman (ikkje klinka) heilt ned. Ned til kote 380 er røyra glatte og godstjukkelsen aukar her frå 10 mm øvst til 28 mm, og diameteren blir redusert frå 1250 mm til 910 mm. Frå kote 380 ned til kraftstasjonen er lange bandasjerte røyr. Samanføyinga mellom kvart røyr er utført med Ferrum høgtrykksmuffer.
Røyr 2 vart lagt i 1938 og levert av tyske Grossrohr-Verband i Düsseldorf. Røyr 2 har same dimensjon som røyr 1, men er ikkje bandasjert.
Røyr 2 kunne stengast med ein handdriven ventil like bak innstøypingsproppen, medan luke og korggrind framføre røyr 1 kunne manøvrerast både manuelt og elektrisk.
Både røyr 1 og 2 er framfor fordelingsbassenget – i ventilhuset – utstyrt med spjeldventilar (røyrbrotsventilar) som lukka seg automatisk om farten på vatnet vart over det normale. Ventilane kunne styrast manuelt på Toppen, eller elektrisk nedanfrå kraftstasjonen. I 1972 vart røyr 1 utstyrt med ein ny ø1250 røyrbrotsventil nedanfor den eksisterande spjeldventilen.
Byggjetrinn 2 var ferdig i 1938, med ny og høgare dam, røyrgate 2 og aggregat 4 i ny maskinhall.
I 1940 var det i ein kort periode brot på begge røyr på grunn av sabotasje.
Alt i 1993 påla NVE alle kraftstasjonseigarar å fase ut gamle smisveiste røyrgater. Bjølvefossen såg på dette som ein urimeleg kostnad å ta så nært opptil heimfallstidspunktet. Pålegget var grunnen til at Statkraft overtok Gamle Bjølvo Kraftverk i 1997.
Trallebanen
Med trallebanen langs røyrgata kjem du 1000 meter til vers på 36 minutter. Trallebanen er ein del av produksjonsanlegget, det var raskaste måten å komma seg opp til damanlegget på fjellet.
Trallebanen er bygd langs heile røyrgata. Av omsyn til wirelengden, og for å auke transporteffektiviteten, er det plassert eit spel i nedre spillhus ved kote 490 (like før inngangen til tunnel og overbygg). Det øvre spelet er plassert i vestre del av ventilhuset (spjeldventilrommet) på kote 855.
Ved persontransport, var det som regel bytte av tralle ved 5A (kalla Femma) like nedanfor nedre spillhus. Ved tyngre varetransport, vart den lange transporttralla hekta om til øvre drawire og skinnekryssing ved 5 A.
Langs trallebanen var det òg trapp med rekkverk og wire for å kunne halde seg fast, samt straumførande trådar for signal og kablar (5kV) til drift av spill, ventilar og lys. Trallebanen var 1465 meter lang. Frå toppen gjekk taubane til Bjølsegrøvatn. Denne var 2,9 km lang.
I dei ti åra som har gått etter at produksjonen i Gamle Bjølvo kraftverk vart avvikla i 2004, har det vore ulike forslag både om sanering og vern av anlegget. I 2014, fire år før hundreårsjubileet for produksjonsstart i Bjølvo kraftverk, tok Statkraft Energi AS initiativ til endelege avklaring på dette spørsmålet. Anlegget blei rive.
Tur med trallebana from NVIM on Vimeo.