I 1894 vart det tinglyst kontrakt med grunneigarar i Ytre Ålvik om rett til å kjøpe vassrettar. Overrettssakførar Gjermoe i Bergen hadde skaffa seg kjøpsretten, som omfatta heile vassdraget frå fjord til fjell, fri grunn til demningar og tomteland til fabrikk- og kaianlegg. I 1899 vart det gjennomført sal av vassrettar i Ålvik til fossespekulant og tidlegare direktør ved Kværner Brug, Fredrik Louis Hiorth. A/S Bjølvefossen vart stifta av 6 aksjonærar i Kristiania, og i 1906 starta eit mindre anleggsarbeid i høgfjellet for å førebu ei større kraftutbygging. Det viktigaste tiltaket var senkingstunnellar for å kunne tørrleggje damanlegg ved Vetlavatnet og Bjølsegrøvatnet. Dei første brakkene, som seinare vart utvida, kom òg på plass.
Fredrik Hiorth
I arkiva finn vi ei erklæring frå direktør Hiorth om «at levere hver af oppsitterne i Indre Ålvik 3 elektriske H.K. frit levert ved husveggen saasnart en mulig hovedkraftstasjon er tat i bruk». Denne erklæringa er datert 2/7 1913, men er tinglyst 24/8 1915.
I 1913 vart A/S Bjølvefossen seld til Det Norske Aktieselskab for Elektrokemisk Industri, i daglegtale kalla Elektrokemisk (seinare Elkem). Elektrokemisk vart stifta i 1904. Hausten 1913 starta anleggsarbeidet for fullt, og Ålvik Arbeiderforening blir stifta i 1914. Etter utbrotet av 1. verdskrig, stoppar arbeidet i august 1914 fram til 1915.
I 1915 søkjer A/S Bjølvefossen staten om konsesjon og får same år løyve til utbygging av vasskrafta med 68 mot 33 røyster i Stortinget.
7. mars 1916 vart industriselskapet A/S Bjølvefossen stifta, og i august same året var det over 1000 mann i arbeid i Ytre og Indre Ålvik og i fjellet.
Det første kraftverket vart bygd i to etappar i Ytre Ålvik for å kunne levere anleggstrøm. Dette var i drift frå 1916. Dette vart seinare eit reservekraftverk for A/S Bjølvefossen.
Under 1. verdskrig var behovet for kalsiumkarbid stort. Verdas største karbidsmelteverk var bygd i Odda, og planar for karbidproduksjon vart utvikla fleire andre stader, m.a. i Ålvik. Kalsiumkarbid ga grunnlag for produksjon av acetylengass til autogen sveising og skjerebrenning, og vidareforedling til både kunstgjødsel, ammoniumsulfat, sprengstoff og andre kjemiske produkt.
På dette grunnlaget vart det vedtatt å byggje ut trinn 1 av Bjølvo kraftverk i Indre Ålvik frå 1916-1918.
Bjølvo-prosjektet var eit pionérprosjekt med ei netto fallhøgd på over 800 meter, meir enn det dobbelte av anlegga i Tyssedal og på Rjukan. Første byggjetrinn inneheld dam ved Bjølsegrøvatnet sør-aust, synk og lukehus ved Bjølsegrøvatnet sør-vest, ein tunnell til lukehus og ventilhus ved Toppen, ei røyrgate ned til den eldste kraftstasjonen, der det vart montert tre aggregat, kontrollrom og koplingsanlegg for levering av straum til karbidsmelteverket og samfunnet rundt. I tillegg vart det bygd toppvaktbolig, trallebane med øvre og nedre spillhus langs røyrgata, og taubanar både frå kaia i Ålvik til Toppen og frå Toppen til damanlegget, samt anleggsbrakker, arbeidsvegar og provisoriske bygg og anlegg.
Planane for utbygginga av Bjølvo kraftverk var utvikla gjennom fleire år før 1916. Alt i 1915 var det tatt høgde for eit nytt byggetrinn, med heving av dam, røyrgate nr. 2 og utbygging av kraftstasjonen. Gjennom dokumentasjonsprosjektet finn vi at det i første byggjetrinn vart prosjektert, teikna og installert ein røyrstuss (inntakskonus) i fordelingsbassenget på Toppen for røyr 2, samt samankopling og fordeling av vatnet mellom røyr 1 og røyr 2 til turbinane.
I ei revidert og godkjend teikning datert 15. mai 1915, heiter det: «For 1ste Utbygging: 20000 HK. Monteres kun Rørledning 1. I Fordelingsbassinet monteres dog ogsaa Indtaktskonus for Rørledning 2. Ved kraftstasjonen medtages av Rørledning 2 den nederste del til punkt A».
Trallebanen vart og lagt slik at ein enkelt kunne montere ei ekstra røyrgate, delvis mellom røyr 1 og trallebanen og delvis på den andre sida av trallebanen (i den øvre delen i tunnell og under tak). I arkiva finn vi ei teikning alt 29. april 1920 med fylgjande tittel: «Prosjekteret Turbinrørledning No II alt. III».
8. juli starta prøveproduksjon med eitt aggregat og 19. september 1918 starta 3 aggregat i maskinhall 1 i Bjølvo kraftverk. Karbidproduksjon starta på smelteverket like ved kraftstasjonen alt i juli 1918, med straum frå kraftstasjonen i Ytre Ålvik dei første vekene.
Etter det dramatiske røyrbrotet 20. mai 1919 og påfølgande depresjon, vart karbidproduksjonen innstilt. Etter at røyrgata og trallebanen vart reparert, heldt kraftproduksjonen fram for å levere straum til Bergen Elektricitetsverker (BEV) og Bergen by. Denne avtalen vart inngått alt i 1919 og utvida i 1923. Krafta frå Ålvik vart levert til BEV fram til 1928. Etter dette vart BKK oppretta og leverte kraft til Bergen frå eige kraftverk i Dale.
I 1925 starta smelteverket oppatt med produksjon av ferrosilisium (FeSi) i ein ombygd karbid-omn. Dette skjedde med vekslande hell og stadige avbrekk fram til 1928
På slutten av 1920-talet og på 1930-talet føregjekk ein hektisk nasjonal og internasjonal drakamp om produkt og investeringar i Ålvik, før valet vart ferrokrom. Prøveproduksjon av ferrokrom starta i 1934. Denne epoken er grundig dokumentert m.a. av historikaren Martin Byrkjeland i artikkelen «Spelet om Bjølvefossen» i praktboka «Ferrofolket ved fjorden» (1999).
Ein medverkande grunn til at det var satsa på ny industriutvikling i Ålvik på 1930-talet var både at det var store vassressursar som kunne magasinerast og regulerast i Ålvik-fjellet, at det alt var investert i trinn 1 i eit stort høgtrykksanlegg og at det langt på veg var klargjort for eit nytt byggjetrinn om behovet for meir kraft til industrien var aktuelt.
Byggjetrinn 2 var ferdig i 1938, med ny og høgare dam, røyrgate 2 og aggregat 4 i ny maskinhall.
I denne perioden vart kraftverket og industrianlegget eitt selskap, med vekslande eigarar. Det skil seg frå andre store kraft- og industriprosjekt på Vestlandet som hadde eit eige kraftselskap (som t.d. A/S Tyssefaldene, A/S Saudefaldene og A/S Høyangfaldene) med eigne tilsette og styre, sjølv om dei ofte var eigde av storindustrien.
I Ålvik vart dei tilsette som jobba i kraftstasjonen tilsette ved A/S Bjølvefossen. Ingeniørar, mekanikarar, elektrikarar, snikkarar og andre vedlikehaldsfolk jobba delvis på fabrikken og delvis i kraftanlegget, alt etter behov. Dei tilsette budde stort sett i A/S Bjølvefossen sine hus, anten dei jobba heilt eller delvis med kraftproduksjon eller industriproduksjon. Investeringsplanar for kraftanlegget og industriproduksjonen vart nøye samordna.
I 1940 vart det i ein kort periode brot på begge røyr på grunn av sabotasje.
I 1956 blir Bjølvo kraftverk knytt til 66 kV-linje over 2 transformatorar, kvar på 20 MVA. Overføringskapasiteten er 40 MVA.
I 1958 er det nye ferrokromanlegget driftsklar, og i 1966 blir det montert enno ein smelteomn.
I 1964 vart det gjort avtale om føregrepe heimfall mellom staten ved NVE og A/S Bjølvefossen.
På 1960-talet vart anlegget bygd ut i høgfjellet, med fleire mindre dammar og tappetunnellar for å kunne auke magasinfylling og reguleringsevne. I 1968 vart òg nedslagsfeltet auka ved at Kassdal pumpestasjon vart sett i drift (3x520kW). Vatnet blir pumpa frå Nedre Goddalsvatnet til Bjølsegrøvatnet
I 1971 vart det bygd enno ein maskinhall, eitt 5. aggregat og nytt kontrollrom i kraftstasjonen.
I 1987 kjøpte Elkem A/S 70% av aksjane i A/S Bjølvefossen. I år 2000 eig Elkem A/S 100 % av aksjane i bedrifta, og ho blir tatt av børs. Seinare vart heile bedrifta seld til eit kinesisk selskap.
Når konsesjonsperioden for A/S Bjølvefossen sine kraftrettar gjekk ut, skulle staten v/ Statkraft SF overta desse vederlagsfritt gjennom heimfall.
På denne bakgrunnen overtok Statkraft SF drifts- og vedlikehaldsansvaret for Gamle Bjølvo Kraftverk frå 1997, parallelt med at Nye Bjølvo Kraftverk vart prosjektert og bygd ut. Nye Bjølvo vart opna 12. mai 2004.
Nye Bjølvo Kraftverk ligg inne i fjellet rett vest for den gamle stasjonen, med tunnell frå Bjølsegrøvatnet. I dette prosjektet ligg det ei ytterlegare senking av Bjølsegrøvatnet, heving av Nedre Goddalsvatn og nye bekkeinntak. Drifta av den gamle trallebanen langs røyrgatene vart avvikla i 2006.
Alt i 1993 påla NVE alle kraftstasjonseigarar å fase ut gamle smisveiste røyrgater. I dei ti åra som har gått etter at produksjonen i Gamle Bjølvo kraftverk vart avvikla, har det vore ulike forslag både om sanering og vern av anlegget. I 2014, fire år før hundreårsjubileet for produksjonsstart i Bjølvo kraftverk, har Statkraft SF tatt initiativ til endelege avklaringar på dette spørsmålet.
HISTORISKE MILEPÆLAR
1894: Kontrakt om rett til å kjøpe vassrettane i Ålvik
1899: Fredrik Louis Hiorth kjøper vassrettane i Ålvik
1906: A/S Bjølvefossen stifta i Kristiania
1906: Oppstart av mindre anleggsarbeid i fjellet (ved dam)
1913: A/S Bjølvefossen kjøpt av Det Norske Aktieselskab for Elektrokemisk Industri
1913: Anleggsarbeidet går for fullt fram til krigen
1915: Stortinget gir A/S Bjølvefossen konsesjon
1916: Kraftstasjon i Ytre Ålvik, stort anleggsarbeid startar
1918: Trinn 1 av Bjølvo Kraftverk i drift. Karbidsmelting.
1919: Røyrgatebrot
1920: Krafta levert til Bergen Electricitetsverker (BEV)
1925: Ferrosilisiumproduksjon (FeSi) startar
1934: Ferrokromproduksjon startar
1938: Trinn 2 av Bjølvo kraftverk og aggregat 4 i drift
1940: Sabotasje og brot på røyrgatene
1956: Bjølvo kraftverk knytt til 66 kV–line (BKK)
1958: Nytt ferrokromanlegg
1960-talet: Større og mindre anleggsarbeid i høgfjellet
1964: Føregripe heimfall til Staten – vidare utleige til 31.12.2010
1971: Aggregat 5 kjem i drift og erstattar aggregat 1, 2 og 3.
1993: NVE pålegg alle kraftverk å fase ut smisveiste røyr
1997: Statkraft SF overtar drifts- og vedlikehaldsansvar
2004: Nye Bjølvo Kraftverk i drift - det gamle stoppar
2005: NVIM utfører dokumentasjon av den gamle stasjonen
2006: Trallebanen blir sett ut av drift
2014: NVIM utfører dokumentasjon av resten av GBK
Historiske foto: AS Bjølvefossen, Kraftmuseet, Ålvik Industriarbeidermuseum og Hardanger Folkemuseum Utne
Tomta der kraftstasjonen blei bygd.